Tre delar av denne bustaden blei i dag lagt ut for sal. (Foto: Nicolas Langvand for EiendomsMegler1)
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

I denne Os-eigedomen kan du køyre båten rett inn i huset. Vil du kjøpa alt samla ligg verdien på 28 millionar kroner!

Av: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden

Kva med å køyra båten på 42 fot inn i huset, ta ned porten, kosa deg i naustet eller ta heisen opp 17 meter til toppetasjen?

Byggemassen er på i alt 1200 kvadratmeter, p-rom husar 750 kvadratmeter. I 2001 flytta familien Kanebog Søviknes inn i bustaden, som no er seksjonert.

– Begge døtrene våre bygger eigne hus, og eigedomen er større enn kva eg og Svanhild (kona) har behov for, og ønskje om å handtera, seier Frode Søviknes.

I dag blei tre av seksjonane lagt ut for sal – den minste med prisantyding på 5,6 millionar kroner, dei to neste på 7 og 10,3 millionar.

- Annonse -
- Annonse -

– Vi reknar med at det blir selt delt, og vil i så fall at alle skal ha tilgang på naustet. Det som foreløpig ikkje ligg for sal er sjølve båtgarasjen, som har sin verdi, og ein liten leilegheit i delar av øvste etasje (4. etasje, om vi ikkje reknar med naustet).

– Kva om nokon vil kjøpa heile eigedomen?

– Verdivurdering på heile huset, med naust, kai og brygge, er 28 millionar.

– Som å stå på brua på eit cruiseskip

– Kroleis var det å få løyve til å bygga ein bustad som denne, men fire etasjar på toppen av eit romsleg naust?

– Det var ikkje enkelt, men vi fekk det til. Godkjenninga kom i 1991, ti år før vi flytta inn.

- Annonse -

Timinga var truleg god, rett etter finanskrisa, ei tid med lite nyetablering i Os.

Frode Søviknes sel eigedomen. Her saman med dottera Renate. Foto: Midtsiden

Eigedomen blir selt av Eiendomsmegler1.

– Vi eigedomsmeklarar har kanskje lett for å kalla ein eigedom unik, men her må det vera passande! Tenk å kunna stå opp, ta heisen ned i naustet og gå tørrskodd inn i båten din, seier Ivar Glelsvik.

På spørsmål om lkorleis det har vore å bu i huset desse 18 åra, svarer Søviknes:

– Det har naturlegvis vore utruleg flott, både å bu ved sjøen, og å kunna ha storfamilien under same tak.

– Når du står på dei øvste terrassane og ser sjø i 180 gradar, samtidig som du ser rett ned på kaien, har det vore omtrent som å stå på brua på eit cruiseskip.

– Kvar skal de bu når eigedomen er selt?

– Vi har ein bustad i Portugal som vi kjem til å bruka meir. Kva bustad vi vil ha her heime er uvisst.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -