Banksjef Arve Havnerå (t.v.) og kollegaane er glade for å endeleg kunne opne dei nye og moderne banklokala i Leirvik sentrum. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

– Arealet her ute blei som ein ballsal. Sjølv om me sat to stykk der ute så kom folk og spurte «er det ikkje folk her?» seier banksjef Arve Havnerås.

Det er meir enn 35 år sidan Sparebank Vest-bygget vart reist nedst i Borggata i Leirvik. No har banken gått frå å vere huseigar til leigetakar, og hadde denne veka nyopning av ein heilt ny bankfilial.

Det gamle inngangspartiet er blitt stengt, og erstatta med ein ny inngang mot Torget. Herifrå kjem ein inn til ein nyoppussa og moderne bank. Men arealet er vesentleg mindre enn før.

– På høg tid

– Eg trur me okkuperer mindre enn ein tredjedel av bygget. Dette er ei stor forandring for oss seier banksjef på Stord, Arve Havnerås.

– Korleis er det å bli så mykje mindre?

– Dette var på høg tid. Arealet her ute blei som ein ballsal. Sjølv om me sat to stykk der ute så kom folk og spurte «er det ikkje folk her?».

- Annonse -
Banken har etablert ein ny kaffekrok, der bankkundar kan ta seg kopp medan dei ventar på hjelp. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Nytt design

Det er ein omfattande oppussingsjobb som er gjort. Interiøret er ikkje til å kjenne att, og det er blitt malt i lyse og moderne fargar på innsida av bgget. Både utvendig og innvendig har banken hengt opp store bilete av ulike karakterar og situasjonar på Vestlandet.

– Eg tenkjer at kundane skal få oppleve at me fornyar oss, og at me satsar på sentrum og at me satsar på Stord. Difor har me satsa mykje på å få eit nytt design.

– Kva tilbakemeldingar har de fått frå kundane etter nyopninga?

– Me har fått veldig mykje tilbakemeldingar om at dei synest det er blitt kjekt og fint her, og at det blir litt tettare mellom kundane og arealet. Nei, så det har vore veldig mykje velstand.

– Kor viktig har det vore for dykk å forbli i sentrum?

– Me er jo marknadsleiarar, og sentrum er eit viktig utgangspunkt for oss. Me hadde jo valet om å reise til Heiane me òg, men me ville bli verande, og kanskje hjelpe til med å gi det ekstra puffet for at me skal ha eit levande sentrum. Me får berre håpe at kundane støttar opp om det.

Det er blitt hengt opp fleire store fotografiar med motiv av folk og miljø på Vestlandet. Foto: Jonas Sætre/Stord24

– Mange vil møte oss

Sjølv om bankana vert meir og meir heildigitale, så er Havnerås likevel trygg på at det alltid vil vere behov for å møte eit fysisk ansikt i banken.

– Det digitale er jo i full anmarsj, og det skjer jo noko nytt heile tida. Det løpet er me også sjølv med på å forsterke. Likevel har me veldig tru på at me skal kunna gi kundane gode råd, og då skal dei kunna velje om å vere på nettet eller kome til oss på kontoret. Me ser

Historia er viktig for banken. Her frå profilering av forlauparen Stord Sparebank på 60-talet. Foto: Jonas Sætre/Stord24

også at det er veldig mange, også unge, som set pris på å snakke med nokon i eit møterom i roleg atmosfære.

Slik det er med dei fleste moderne bankar, så er også Sparebanken Vest no blitt kontantlaus og vil i hovudsak rette seg mot rådgiving.

– Me har ikkje plass til automatar her. På ein måte er me blitt ein kontantlaus bank, men me har framleis minibank borte på hjørna.

Minibanken kjem til å bli flytta frå det gamle inngangspartiet og til oppsida av bygget mot Borggata om nokre veker, då huseigaren skal ha inn nye leigetakarar inn og vil frigjere dette arealet.

- Annonse -