På Stord er det mange industriarbeidarar som har fått sikra jobbane sine det siste året. Foto: Magne Langåker
- Annonse -

Kostnadsreduksjon og auka effektivitet har gjort at bedriftsleiarane på Vestlandet er klare til å tilsetje tusenvis av nye folk i det nye året.

SR-Bank sitt ferskaste konjunkturbarometer, som blei lagt fram i Stavanger onsdag, vitner om eit svært optimistisk næringsliv på Vestlandet. Banken spør to gonger i året bedriftsleiarar i Hordaland, Rogaland og Agder-fylka om kva dei forventar i tida framover.

På bakgrunn av svara har SR-Bank rekna seg fram til at det vil bli oppretta 10.000 nye jobbar i desse fylkene i 2018.

Også olje- og gassnæringa kan vente seg ein skikkeleg vekst i år, i følgje banken. Heile 70 prosent av bedriftsleiarane varslar at dei kjem til å tilsetje folk i 2018. Tilsvarande tal frå same tid i fjor var 45 prosent.

– Det mest overraskande er at det er eit så voldsomt og raskt omslag innan olje- og gassnæringa. I fjor såg det ganske mørkt ut, men no ser det betydeleg betre ut, seier Kyrre M. Knudsen, sjeføkonom i SR-Bank til NRK Rogaland.

- Annonse -

Han trur det er kostnadsreduksjon og effektivisering gjennom dei seinare åra som er hovudårsaka til at bedriftsleiarane no vil tilsetlje folk.

– Selskapa har redusert bemanninga med så mykje at dei nærmar seg ei minimumsbemanning. I tillegg har dei effektivisert kraftig, noko som gjer at selskapa aukar marknadsdeler i Norge og i utlandet, seier Knudsen.

- Annonse -