Eli Simonsen møtte i god tid til utstillinga Nostalgia med Karvel Strømme. Foto: Kjetil Rydland.
- Annonse -

Fitjarbuen gjekk ikkje mann av huse for å vera med på opninga av den spesielle platecover-utstillinga til Karvel Strømme i Galleri Losjen laurdag ettermiddag, men eit interessant møte mellom musikk og bilde blei det for oss som trassa ruskavêret.

Av: Kjetil Rydland

Berre blodfansen hadde møtt opp då klokka slo fire i ettermiddag, men etter kvart samla det seg eit dusin interesserte frå fjern og nær.

Og me kom så absolutt ikkje forgjeves; alltid like velformulerte Karvel Strømme tok oss med på ei spesiell historisk vandring gjennom denne litt ukjende sida av biletkunsten. Han stod sjølv for opninga, som han innleidde med å spela eit stykke frå Bizet-operaen Carmen.

Strømme hadde med seg ei rekkje gamle plater, også 78-plater, utan særleg spanande platecover.

– Coveret skulle jo berre beskytte mot innholdet mot støv og skitt, fortalte Strømme, men så var det en gluping som sa at det er tåpelig at vakker musikk skal ligge innpakket i et grått og kjedelig stykke papir!

- Annonse -

Han som sa det, var designeren Alex Steinweiss (1917–2011) på slutten av 1930-talet. I 1938 blei han den første art director for Columbia Records, og kan seiast å å «funne opp» platecoveret. I 1940 kom det første av mange banebrytande og dekorative, men også provoserande, platecover.

Alle kunstretningar er representerte

Jo meir musikk som kom på marknaden, jo viktigare var det å vekkja folk si interesse. Karvel Strømme drog oss med gjennom utviklinga av platecoverkunsten fram til kassetten og CD-en kom, og på mange måtar slo beina under denne kunstarten. Dei var for små og anonyme, og gav ikkje så mykje plass og inspirasjon til kunstnarleg utsmykking.

– Det viktige og spennande er at er at alle retningar er representerte i platecoverkunsten, både biletkunst, fotografi, grafikk, typografi og illustratør, slo Karvel Strømme fast.

Vekte interesse

Med denne velformuerte framstillinga av korleis platecoverkunsten utvikla seg, vekte nok Karvel Strømme ei ny interesse hos dei tolv som hadde funne vegen til Galleri Losjen denne ruskavêrsdagen. Heldigvis er utstillinga open kvar dag frå klokka 16 til 18 fram til 13. mars.

Dette er ei salsutstilling. På veggene i Galleri Losjen heng 30–40 bilde av LP-cover, trykk som Karvel Strømme har fått laga på Stord, på fint papir. Og alt er ramma inn. Kanskje du kan finna noko spesielt til heimen, noko som vekkjer gode minne?

Med platespelar i retro-stil spela spela Strømme eit av dei mest kjende nummera frå operaen «Carmen» av Georges Bizet. Foto: Kjetil Rydland.