Senterpartiet sin fylkesordførarkandidat Jon Askeland, var på Stord i helga. Foto: privat
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Med mange rasutsette vegar i det nye Vestland-fylket, vil ikkje Sp sin fylkesordførarkandidat Jon Askeland love at Hordfast står øvst på prioriteringslista.

I helga var fylkesordførarkandidaten til eit parti som er i vinden for tida, Senterpartiet, på Stord for ein lokal partisamling. Han heiter Jon Askeland og er i dag ordførar i Radøy.

–  Eg har reist mykje i Sunnhordland, så eg er rimeleg godt kjend her, seier han.

Vil ha arbeidsplassar til Sunnhordland

Han er såpass godt kjend at han deler den lokale misnøgda med at Sunnhordland og Hardanger så langt ikkje har fått noko gevinst i form av arbeidsplassar eller nye oppgåvar i det nye Vestland.

–  For å seie det sånn, eg meiner Sunnhordland må få noko. Det kan gjerne vere innan næring.

– Då kan det gjerne vere at ein inngår eit partnarskap mellom fylkeskommunen, kommunen, regionrådet og til dømes Atheno. Eg vil ikkje binde meg til noko, men det er i denne retninga me tenkjer. For då kan fylket få utvikle kvar sin region.

– Må stå saman mot Bergen

- Annonse -
- Annonse -

Han viser til at dei tre regionane i Sogn og Fjordane har vore flinke å sikre seg fylkeskommunale funksjonar, men at situasjonen er ein annan for det ein gjerne kallar «distriktshordaland».

– I den store bergensregionen vil det bu rundt 400.000 tusen, og det vil bu rundt 100.000 i både Sogn og Fjordane og i resten av Hordaland. Då ser ein forskjellen, der Sogn og Fjordane står sterkare fordi dei ikkje har hatt nokon stor by, medan me i Hordaland har opplevd å ikkje stå så godt saman mot Bergen.

– Då blir det endå tydelegare at me er nødt å målrette politikken i alle regionane om Vestland skal lukkast. Sunnhordland spesielt må kome fram endå sterkare, seier Askeland.

- Annonse -

Vil bygge bru over Langenuen først

Ein av dei heitaste politiske sakene i Sunnhordland er som kjend Hordfast og den påfølgande traséen sørover som skal knyte Tysnes fast til Stord med bru.

Men Sp-politikaren er ikkje dei som held fana høgst for tidlegast mogleg Hordfast-realisering.

– Det me har sagt er at Vestland generelt har eit kjempeproblem med rassikring. Hordaland spesielt har dei dårlegaste fylkesvegane i landet. Det er eit kjempeproblem.

– Betyr det at du vil nedprioritere Hordfast?

– Eg vil seie at me vil jobbe for Hordfast, men finansieringa er ei utfordring. Me er nødt å prioritere, så eg seier: Bygg brua over Langenuen først. Me må ta inn over oss at nokon kan bli veldig ivrige på at dette er avgjort, men me har ikkje ein gong ein godkjent kommunedelplan for Hordfast.

Samtidig er Askeland tydeleg på at det må løyvast meir samferdselsmidlar frå regjeringa, slik at storprosjekt som Hordfast blir realiserbare.

– Me må alle sjå i augene at det er ei kjempeutfordring for regjeringa å levere for Vestlandet. Det er kollossalt urettferdig at me må stå her og setje E16 og Hordfast opp mot kvarandre. Det er så trist at me vestlendingar må kjempe mot kvarandre når eg ser på kva enorme prosjekt som blir realisert på Austlandet.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -