Bistandsadvokat Robert Fonn (t.v.), statsdvokat Asbjørn Eritsland og forsvarar Håkon Velde Nordstrøm. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Det er ein enorm menneskeleg kostnad å gå inn i ein sånn prosess. Ho synest det er leit at ikkje dette vart avklart tidlegare, seier bistandsdvokatent til den eine kvinna, Robert Fonn.

Ein mann i 40-åra møtte i denne veka for Sunnhordland tingrett, tiltalt for langvarig seksuelle handlingar hans åtte år yngre søster. Statsadvokaten i Rogaland hadde teke ut tiltale mot mannen for å hatt utført seksuelle handlingar mot eit barn under 10 år.

I følgje tiltalen skjedde overgrepa på Stord på 1990-talet i bustaden der søskena vaks opp, over ein periode på 4-5 år.

Også ei eldre søster politimelde mannen for liknande seksuelle overgrep i barndomen. Men denne politimeldinga førte ikkje til tiltalebeslutning fordi saka var forelda.

Langvarige overgrep

Kvinna forklarte seg i retten tysdag, med broren sitjande som tilhøyrar på forsvararbenken.

– Ho fortalte om overgrepa som skjedde frå femårsalderen og som haldt fram til ho kom i puberteten. Det var snakk om jamnlege episodar. Handlingane gjekk ofte ut på at ho skulle utføre ting på han, der det grovaste var eit forsøk på samleie, fortel bistandsadvokaten til kvinna, Robert Fonn.

- Annonse -

Etter at kvinna forklarte seg var det den tiltalte broren sin tur til å setje seg i vitneboksen.

Han nekta for å ha utført seksuelle overgrep mot søstrene.

– Dette er heilt ukjent for meg.

– Har dette skjedd? spurte statsadvokat Asbøjrn Eritsland.

– Nei.

«Liva våre er øydelagde for alltid»

Mannen blei spurt om kva tid han fekk kjennskap til skuldingane.

– Dei fekk eg servert på politistasjonen. Eg har ikkje visst noko om kva dette dreier seg om. Søstera mi har aldri snakka om dette til meg. Ho har berre sagt at eg har vore stygg mot ho.

Men dette viste seg å ikkje stemme.

Statsadvokaten leste opp ei samtale frå meldingsappen Whatsapp 2016 mellom tiltalte og den andre søstera som politimelde han for seksuelle overgrep. Her kjem det fram at han då vart konfrontert med overgrepa.

Her skreiv søstera mellom anna «Eg vil aldri vite korleis livet mitt hadde vore utan det du har gjort mot meg og NN, gang på gang, som me begge måtte fortrenge for å takle livet. Liva våre er øydelagde for alltid. Det som skjedde får ingen av oss gjort noko med» (…) «Du har misbrukt meg seksuelt over fleire år. Det er du klar over. Det kallast incest når noko sånt skjer i familien». 

Avviste søstera si PTSD-diagnose

Den eldste søstera har fått påvist diagnosen posttraumatisk stresslidelse som eit resultat av kva dei har opplevd. Den tiltalte broren meinte dette ikkje var reelt.

– Eg har overhodet ikkje noko tru på noko PTSD-diagnose. Eg tenkjer at dette er eit resultat av ubehandla ADHD, for då drag ein lett på seg andre tilleggsvanskar.

– Meiner du at skuldingane mot deg er eit resultat av eigne problem, som ho då finn ei knagg å henge på, og det er deg?

– Det er mi oppfatning, sa mannen.

Statsadvokat Asbjørn Eritsland i samtale med bistandsadvokat Robert Fonn. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Klarte ikkje snakke om overgrepa

Under den andre dagen av rettssaka var det den andre søstera sin tur til å gi vitneforklaring. Ho var altså ikkje fornærma i saka grunna foreldelsesfristen. Kvinna hadde svært store vanskar på å setje ord på overgrepa.

– Eg har nesten aldri snakka om dette til nokon. Verken familie eller psykolog. Eg klarar det ikkje.

Ho spurte difor statsadvokaten lese opp frå det ho hadde forklart i politiavhøyr, der ho hadde fortalt om liknande seksuelle overgrep som søstera som skal ha skjedd over mange år, frå 8-årsalderen til ho var rundt 15 år.

– Det starta som ein leik. Me var så små alle saman. Dette pågjekk så lenge han budde heime, sa ho.

Begge sakene forelda

Under rettssaka blei det varsla at det ikkje berre var politimeldinga frå den eldre søstera som var forelda, men også tiltalen som gjekk på den yngste søstera.

Statsadvokaten forklarte at ein nylig avsagt dom i Høgsterett gjorde det klart at denne saka kunne kome til å bli forelda. Dette vart først klart etter at saka vart beramma for tingretten.

Overgrepssaka ligg nemleg heilt i grenseland for foreldelse. I dag er foreldelsesfristen fjerna for overgrepssaker, men dette har ikkje tilbakeverkande kraft.

Sjølv om overgrepa i følgje tiltalen skjedde etter foreldelsesfristen på 25 år, så gjeld denne fristen berre når tiltalte er over 18 år på gjerningsaugeblinken og fornærma er yngre enn 10 år. For handlingar gjort før tiltalte var 18 år er den gjeldande foreldelsesfristen berre 15 år. I denne konkrete saka fylte fornærma 10 år berre to veker etter tiltalte sin 18-årsdag.

– Det er rimeleg tvil om at dette skjedde etter at tiltalte fylte 18 år. I sum må me difor legge til grunn at det ikkje er straffrettslege bevis etter at tiltalte fylte 18 år, sa statsadvokaten under sluttføredraget.

– Leit at ikkje dette vart avklart tidlegare

For at kvinna skulle vinne fram med saka måtte det altså bevisast at det skjedde overgrep i denne tidsperioden på to veker.

– Dette inneberer at me står i ein veldig vanskeleg situasjon for å nyte godt av den lengste foreldelsesfristen. Det skal godt gjerast at ein så mange år etterpå kan seie at det skjedde eit overgrep i akkurat dette tidsrommet, seier bistandsadvokat Robert Fonn.

– Korleis reagerte klienten din på dette?

– Ho har full forståing for lovverket, men det er ein enorm menneskeleg kostnad å gå inn i ein sånn prosess. Ho synest det er leit at ikkje dette vart avklart tidlegare. Ho har lagt ned mykje i denne saka, men eg synest ho takla det ganske bra etter forholda.

For den fornærma søstera var det viktig at saka uansett kom opp i ei rettssal, sjølv om retten ikkje kjem til å ta stilling til om overgrepa har skjedd.

– Ho er glad for at det blei rettssak. Ho valte sjølv at tiltalte ikkje skulle forlate salen då ho skule forklare seg, for ho ville vere konfronterande. Ho ville heller ikkje ha dørene lukka for pressa. Ho står opp for dei vala ho har teke. Det har vore eit ledd i prosessen hennar.

No vil kvinna vurdere å reise ein sivil sak for å få erstatning.

– Saka blir ikkje avslutta. Retten sa at dei ikkje ville behandle erstatningsspørsmålet. Det er eit mildare beviskrav for oppreisning. Slik eg oppfattar det er det ikkje noko tvil om at ho har blitt utsett for straffbare handlingar. Me vil difor vurdere ein sivilsak eller å søkje direkte gjennom valdsofferkontoret, seier Fonn.

- Annonse -