Statsminister Erna Solberg. Foto: Regjeringa
- Annonse -

Det blir frykta at det har vore mykje smitte i Noreg gjennom jula. Det blir innført sosial nedstenging for å prøve å hindre at epidemien kjem ut av kontroll.

– Vi har enno ikkje sett den fulle effekten av jula og nyttårsfeiringa, der mange har vore samla, sa statsminister Erna Solberg (H) på ein pressekonferanse søndag kveld.

– Færre har testa seg i høgtida, men ein høgare del av dei som har testa seg, er smitta, sa ho.

Vaksinasjonen her til lands har starta, men no fryktar regjeringa og helsestyresmaktene at koronaepidemien kjem ut av kontroll i starten av året. No blir det derfor innført ein sosial nyttårspause for å unngå ei ny smittebølgje.

– Viss alle følgjer desse reglane, så vil vi saman kunne avgrense smitten, sa Solberg.

Sosial pause

Blant dei mange tiltaka som blir hasteinnført frå og med måndag 4. januar, er ei grense på fem personar i private samankomstar utanfor eigen heim. Nordmenn blir òg bedne om å vente med å ha gjester på besøk i 14 dagar.

- Annonse -

Det blir òg innført eit nasjonalt skjenkeforbod på serveringsstader, medan alle ungdomsskular og vidaregåande skular går over til raudt nivå.

Alle kjøpesentera og butikkane i landet blir bedne om å innføre avgrensingar i talet på besøkande og inngangskontroll. Dessutan blir nordmenn bedne om å unngå alle unødvendige reiser – både innanlands og utanlands.

Organiserte fritidsaktivitetar og idrettsaktivitetar innandørs blir tilrådde utsett til etter 18. januar.

– Vi må setje det sosiale livet vårt på vent i minst to veker, seier Solberg.

Aukande smitte rundt om i Noreg

Bakteppet for desse inngripande tiltaka er bekymring for at Noreg no står ved eit farleg knekkpunkt i smitten.

Ifølgje FHI er R-talet, altså reproduksjonstalet, no berekna til 1,3. Det betyr at kvar person som blir smitta av covid-19, i snitt smittar 1,3 personar vidare.

Fleire stader i Noreg har smitten auka den siste tida, sjølv om den fulle effekten frå julehøgtida altså enno ikkje har komme til syne.

I Hitra har smittesituasjonen til tider vore ute av kontroll dei siste vekene. No har kommunen bede FHI om å få tildelt fleire vaksinar enn planlagt som følgje av utbrotet. I Trondheim og Stavanger har smitten òg stige den siste tida. I Oslo har også smittetala vore høge dei siste vekene.

I helga bad regjeringa studentane om å vente med å reise tilbake frå julefeiring. Det blir ikkje fysisk undervisning på studiestadene før 18. januar, også det eit forsøk på å dempe smittetrykket.