GIR SEG: Sorenskrivar Knut Gramstad går av med pensjon til sommaren. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

– Det har vore sorenskrivar her i lang tid, og det vil det sikkert vere i framtida også. 

Neste sommar når Knut Gramstad pensjonsalder, og gir seg etter mange år som sorenskrivar i Sunnhordland tingrett.

Det har ført til at Samarbeidsrådet i Sunnhordland er blitt pessimistiske på vegner av framtida til tingretten. Dei trur ikkje stillinga til Gramstad kjem til å bli erstatta, og at tingretten vil bli lagt under sorenskrivaren i Bergen eller Haugesund.

Men Gramstad sjølv deler ikkje denne pessimismen.

– Det har vore sorenskrivar her i lang tid, og det vil det sikkert vere i framtida også. Ja, det kan tenkjast at Domstolsadministrasjonen gjer eit anna vedtak, men det har me jo ikkje høyrt noko meir om, seier Knut Gramstad til Stord24.

Ny domstolsstruktur

Bakgrunnen for uroen til Samarbeidsrådet kjem ikkje berre av Gramstad sin avgang, men at det er sett ned ein kommisjon som skal sjå på domstolsstrukturen i landet, og som skal ha ein delrapport klar til hausten 2019.

- Annonse -
- Annonse -

Tidlegare har administrasjonen føreslått at det bør vere minimum 8-10 dømmande årsverk ved tingrettane for å sikre god fagleg og økonomisk drift. Sunnhordland tingrett har fire.

Gramstad trur ikkje nokon kan påstå at kvaliteten ved tingretten på Stord er dårlegare enn dei større rettane.

– Det har ikkje vore påstått at dommane hos oss er dårlegare enn dei frå sørlegare domstolar. Kvaliteten er nok meir avhengig av dommarane enn domstolen når det gjeld avgjerslene som vert tekne. Me ser vel at Sunnhordland tingrett har blitt driven utan spesielle problem, i samsvar med forskrifter og med tilfredsstillande sakshandsamingstider.

– Men ein blir kanskje meir sårbare?

– Når det gjeld sårbarheit er det nok kanskje teoretisk sett slik at jo fleire ein spelar på, jo mindre sårbar blir ein. Men det viser seg at det er veldig sjeldan avvisning frå våre hald. Eg trur ikkje det blir avlyst fleire møter her enn i ein større tingrett.

– Det er nok slik at ein på ein liten og oversikteleg arbeidsplass så kan kvar enkelt kjenne på eit ansvar for heile kontoret, seier sorenskrivaren.

- Annonse -

Usamde om strategien

Gramstad var saman med jordskiftedommar Oddmund Roalkvam i møte med arbeidsutvalet i Samarbeidsutvalet i Sunnhordland for to veker sidan for å diskutere framtida til dei to domstolane på Stord.

Då kom det fram at Gramstad og Roalkvam er samde om at ein bør jobbe for ei samlokalisering av Sunnhordland tingrett og Haugaland og Sunnhordland jordskifterett, noko som har vore forsøkt ved fleire høve.

Det dei derimot ikkje er samde om er strategien vidare. Roalkvam meiner det vil vere ei god løysing å søkje samanslåing med Haugaland tingrett. Dette synet deler ikkje Gramstad.

– Nei, eg trur ikkje det vil føre til noko betring her. Det som vil skje er at den avdelingen då vil ha styringsrett, både når det gjeld mannskap og økonomi. Det kan føre til ei nedbygging i Sunnhordland.

– Eg trur at ei felles leiing med ein nabodomstol vil føre til ekstraarbeid for han eller ho som må leie to tingrettar. Det vil nok føre til at ein uansett vil ha ein uformell leiar her, då det vil vera avgjersler som ein må ta lokalt. Ei løysing med felles leiing vil nok vera ei dårlegare løysing enn i dag. Det er eg ikkje noko særleg i tvil om.

Åtvarar mot å søkje samanslåing

Gramstad åtvarar difor politikarane til å søkje samanslåing med Haugaland tingrett på eige initiativ.

– Det er ikkje me som bestem, og me har ikkje høve til å avtale oss inn i ein slik situasjon. Det me kan gjere er å håpe. Men om ein vil slå seg saman frivillig, ja då blir det samanslåing.

Sorenskrivaren trur eit eventuelt forslag om nedlegging fort kan løfta til å bli ei politisk sak.

– Når det gjeld nedlegging vil dette bli ei politisk sak. Det er utvilsamt motstand blant ein del politikarar å leggje ned domstolar. Då vil Sunnhordland tingrett kunna bestå, og vil framleis kunna samlokalisere seg med jordskifteretten.

- Annonse -