GIR SEG: Sorenskrivar Knut Gramstad går av med pensjon til sommaren. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Vil at justisministeren skal gripe inn for å stanse tilsetjinga av felles sorenskrivar for Stord og Haugesund.

Dei juridiske miljøa i Sunnhordland og Hardanger reagerer sterkt på at Domstolsadministrasjonen torpederar løysinga om å slå saman tingrettane i Sunnhordland og Hardanger.

Bakgrunnen er at Domstolsadministrasjonen for kort tid sidan vedtok at det ikkje lenger skal vere eigen sorenskrivar på Stord, utan at dette har vore handsama politisk.

– Brukt mykje tid og ressursar

Sorenskrivar på Stord, Knut Gramstad, pensjonerer seg 1. august, og det er i samband med dette lyst ut etter ny sorenskrivar som skal ha anvar for Haugesund og Stord.

Dette får sinnet i kok blant dei juridiske miljøa i Sunnhordland og Hardanger. Måndag vart det sendt eit brev til justisminister Jørand Kallmyr (Frp), der ein går svært hardt ut mot framgangsmåten til domstolsadministrasjonen.

– Styrevedtaket set ein effektiv stoppar for den alternative løysinga som både Hardanger og Sunnhordland tingrett, advokatane i regionane og heile det politiske miljø har brukt mykje tid og ressursar på å arbeide fram, heiter det i brevet.

- Annonse -
- Annonse -

Brevet er underskrive regionråda i Sunnhordland og Hardanger, reprsentantar frå advokatmiljøa på Stord og i Hardanger, konstituert sorenskrivar i Hardanger, og sorenskrivar Knut Gramstad på Stord.

– Me meiner at denne framgangsmåten viser total mangel på respekt for den politiske prosessen som bør ligge bak ei slik inngripande endring i regionane.

- Annonse -

Vil at justisministeren skal gripe inn

Samtidig skal Domstolskommisjonen til hausten vurdere moglege samanslåingar av tingrettar i landet. Lokalt har ein då arbeidd for samanslåing av Sunnhordland og Hardanger tingrett, med hovudsete på Stord.

Men at det no er lyst ut felles sorenskrivar for Stord og Haugesund vert oppfatta som eit tydeleg signal på at dette forslaget er uaktuelt.

– Me oppmodar på det sterkaste at Justisministeren grip inn og hindrar effektuering av vedtaket av 3. mai 2019 og stansar tilsetjingsprosessen av ny sorenskrivar.

Aktørane ønskjer heller ei løysing der tingrettane i Stord og Haugesund vert lea gjennom ein konstitusjon fram til ein har ein endeleg domstolsstruktur på plass.

– I denne saka har Hardanger tingrett, Sunnhordland tingrett og dei to samla regionane fulgt «spelereglane» og ein forventer at Domstolsadministrasjonen gjer det same, står det i slutten av brevet.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -