- Annonse -

Med snart fire konkurrerande asiatiske restaurantar i byen, i tillegg til fire thai-vogner på Heiane og Leirvik, vurderer populære Soradas no å stenge restauranten i Fengselet.

Etter å ha drive ein svært suksessfull take away-verksemd ved Heiane Storsenter i mange år, beste Soradas seg i fjor haust å ekspandere drifta og etablere seg i restaurant i det gamle fengselet i Leirvik sentrum.

Etter eit drygt halvår i drift vurderer restauranten no å stenge dørene. Eigar Tony Sorada forklarar at bakgrunnen er den store konkurransen for asiatisk mat på Stord, samt det langvarige vegarbeidet i Skrivarvegen.

– Marknaden er overmetta

– Konkurransen er blitt tøffare og tøffare her på Stord. No er det tre vogner på Heiane, ein i Leirvik, to kinesiske restaurantar i Leirvik, ein i Sagvåg og så skal det opna ein til på Heiane. Marknaden er overmetta. Då strekkjer ikkje restauranten vår til, seier Sorada til Stord24.

Restauranteigaren er også svært frustrert på Vegvesenet over at vegarbeidet i Skrivarvegen har teke mykje lenger tid enn kva som var varsla.

– Dei skulle vere ferdig med vegarbeidet før påsken, men dei haldt på i fleire månadar etter det. Då merka me at omsetnaden gjekk ned som faen. Me hadde også sjølv vanskar med å levere catering grunna dei lange køane. At vegvesenet ikkje held seg til fristande er katastrofalt for dei næringsdrivande i Leirvik.

- Annonse -
Tony Sorada satsa stort på restaurantdrift i Leirvik på nyåret. No kan thaieventyret allereie vere slutt.

Satsar i Bergen

Men Tony Soradas har ingen planar om å gi seg med restaurantdrift. I staden vil han no satse i Bergen. Det kan også vere siste moglegheit for at restauranten i Leirvik blir redda.

– Me skal opne ein restaurant i Strandgaten i Bergen i haust. Me tenkjer at når me opnar i Bergen kan det støtte restauranten på Stord økonomisk fram til nokre av dei useriøse aktørane på Stord har lagt ned.

Han fortel at restauranten i Bergen vil servere meir eksotisk thaimat enn dei enklare take away-rettene som blir servert på Stord.

– Me har ikkje tid å lære Stord-folket å ete riktig thaimat. Det me serverer no er framleis take away-fastfood. Men i Bergen har dei meir kultur for å prøve nye eksotiske smakar. Der finst det større moglegheiter, seier Sorada.

Å gå tilbake til vogndrift er ikkje aktuelt.

– Me har ein veldig sterk varemerke på Stord, med over fire tusen følgjarar på Facebook og nøgde kundar. Men det kan vere at vår tid på Stord er forbi, for me kjem uansett ikkje til å gå tilbake til vogna.

- Annonse -