Tony Sorada satsa stort på restaurantdrift i Fengselet i Leirvik sentrum. No er eventyret slutt. Foto: Sorada
- Annonse -

Thai-restauranten greidde ikkje å betale oppsamla husleigerekningar frå i fjor, og har no stengt lokalet.

– Me har ein uovereinskomst med huseigaren på korleis me skal gjere saker og ting. Huseigaren kjem med ei rekning som diverre viser eit så stort beløp at me ikkje har noko moglegheit til å betale, fortel innehavar Tony Sorada, etter at dei like før jul meldte om at restauranten Soradas i Fengselet skulle stengast.

Beløpet han siktar til er ubetalt husleige frå då restauranten starta opp på nyåret og fram til det førre driftsselskapet gjekk konkurs i august. På dette tidspunktet skulda selskapet også skatt.

– Veldig beklageleg

I følgje Sorada er husleiga i haust blitt betalt, men seier dei hadde trengt meir tid på å betale tilbake det uteståande frå årets første halvår.

– Då det tidlegare selskapet gjekk konkurs i august kontakta eg huseigaren, og me gjekk gjennom det selskapet skulda. Me blei då merksam på at den skuldige husleiga var mykje høgare enn kva me i utgangspunktet var klar over.

Sorada forklarte at han gjekk til huseigaren for å få til ei avtale om å betale ned den ubetalte leiga litt etter litt.

- Annonse -

– Men eg var ikkje medviten om detaljane i den nye leigeavtala då eg skreiv under. Difor er det no stilt eit stort krav til oss som er for mykje for oss å betale. Eg takka difor nei til å fortsetje. Må må sjå det heile som tapt frå vår side. Dette er veldig beklageleg, men slik er situasjonen per dags dato.

– Kor mykje har de betalt i husleige den siste tida?

– Det kan eg ikkje uttale meg om.

Manglande samarbeid

Restaurant-drivaren kjem med kritikk mot huseigaren Fengselet Stord ANS, eigd av Arnhold Holmedal og Bjarte Husum, for ikkje å ha vore imøtekomande nok.

– Det kan synast som at alle kostnadane skal leggast over på leigetakar, som vatn og renovasjon. Dette er kostnadar som eg meiner burde vore inkludert i husleiga.

Han meiner det er synd at det ikkje blir liv i det historiske lokalet i Leirvik sentrum.

– Dette er eit av dei finaste lokala i Leirvik sentrum. Om me skal klare å skape liv i lokala må huseigaren og leigetakaren samarbeide. Slik me ser det ville det beste vore å ha holdt husleiga lågt i ei opparbeidingsperiode, og slik klart å halda på ein leigetakar over tid. Me har heile tida hatt eit ønskje om eit nært samarbeid, der me kunne ha oppnådd felles mål for begge selskapa.

Sjølv om restauranten no er stengt så seier Tony Sorada at dei har planane klare til å opne på Stord ein annan stad. Men kvar det blir vil han førebels ikkje ut med.

– Eg kan ikkje uttale meg om dette no, då det framleis manglar litt detaljar. Men det blir på Stord.

Avslutta forholdet

Huseigar Arnold Holmedal er sparsam med opplysningar om saka.

– Eg har ikkje så mykje kommentarar til dette. Eg er samd med han i at dette er eit av dei finaste lokala i Leirvik. Så har det vore litt diskusjonar om fordeling av kostnadane. Men me vel å avslutte forholdet no. Me skal ha nokre fleire møte, så me får sjå om det kan bli noko meir semje.

- Annonse -