Illustrasjonsfoto: Politiet
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Politidistriktet styrar mot ein budsjettsmell på nesten 90 millionar kroner. Det kan føre til at minst 85 stillingar må vekk.

Lokallagsleiar i Politiets Fellesforbund Sørvest, Per Anders Røsjorde, seier til Stavanger Aftenblad at innsparingane som må til, kan føre til kraftige kutt i talet på stillingar.

– Me må spare 87 millionar kroner i løpet av 2019. Denne situasjonen har me hamna i fordi politimeisteren har vore for lojal overfor Politidirektoratet og deira prosjekt. Me har tilsett utan at me har hatt pengar til det, seier Røsjorde til avisa.

Førre veke sendte politimeister Hans Vik ein epost til alle tilsette i politidistriktet og understreka at han tek på seg det heile og fulle ansvaret for den økonomiske situasjonen dei står i, skriv Aftenbladet.

- Annonse -

Korleis det vil slå ut at minst 85 stillingar forsvinn, meiner Røsjorde er avhengig av korleis politimeisteren prioriterer framover. Han tvilar på at det vil råka politiets beredskap.

- Annonse -