Foto: Stord kommune
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Er du glad i lange, lyse sommarkveldar? Søndag skal vi stilla klokka til det som kanskje er nest siste sesong med sommartid.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden

Ideen, som blei servert i eit essay av Benjamin Franklin i 1784, blei realisert då Tyskland og Noreg i 1916 byrja å stilla klokka for å nytta lyset betre sommarhalvåret. Her i landet heldt vi fram med sommartid i periodar på 1950– og 1960-talet, og kvart år frå 1980.

I 1996 blei Noreg og alle EU-land einige om at sommartid startar siste søndag i mars, og sluttar siste søndag i oktober.

Søndag skal vi stilla klokka frå normaltid (ikkje vintertid) til sommartid igjen, klokka 02.00 skal den stillast fram til 03.00. Ein hugseregel; alltid mot sommar, tilbake om hausten, fram om våren.

Men dette er kanskje nest siste gong vi stiller klokka til sommartid.

EU parlamentet sa ja til å avslutta

- Annonse -
- Annonse -

Tysdag stemte Europaparlamentet over EU-kommisjonen sitt forslag om å avslutta vekslinga mellom sommartid og normaltid. Forslaget fekk flertall, og trer i kraft frå 2021. Men det blir opp til kvart medlemsland om dei ønskjer å gå over til sommartid, og Noreg er som kjent ikkje medlem av EU.

– Det ville vore rart om vi skulle halda fram med å stilla klokka om EU og nabolanada våre i Skandinavia sluttar, sa Torbjørn Røe Isaksen (H), nærings- og «tidsminister», til VG i går.

Saka er imidlertid ikkje avslutta. EU sitt ministerråd må først bli einig om ein felles ståstad før sluttforhandlingane kan starta. Dette arbeidet er foreløpig ikkje i gang.

- Annonse -

Uheldig for helsa

Å mista ein time søvn høyres kanskje ikkje så farleg ut, men å uroa søvnmønsteret kan få konsekvensar.

– Eg synest sommartid bør avskaffast, sa professor og søvnforskar ved universitetet i Bergen, Ståle Pallesen, til forskning.no i 2015.

Ein studie frå 2014 viste at mengda tilfeller av hjerteinfarkt auka med 24 prosent i Michigan-området i USA på måndagen etter overgangen til sommartid. Dei fann eit tilsvarande fall i hjerteinfarkt på måndagen etter overgang til normaltid om hausten.

Russland slutta med sommartid i 2011. I blant anna USA og Finland har dette vore heitt diskusjonstema i fleire år.

– Sommartida forstyrrer søvnmønsteret. Dei fleste vil klara å omstilla seg, men nokre vil slita, sa Pallesen.

Denne saka er skriven av vår samarbeidsavis Midtsiden i Os.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -