- Annonse -

DEBATT: All fornuft tilseier at det er lite gjennomtenkt å leggja ned Øvrebygda skule. 

Av: Kjell Nesbø,
tidlagare ordførar i Fitjar for Ap

Som ordførar i Fitjar i perioden 1988-1991 var eg med på å leggja ned Osternes skule. Ein skule med 7-8 elevar, ein lærar og ein assistent og ein gamal trebygning og ei brakke. I ettertid har det vist seg at det var ei rett avgjerd. Nedlegging av Øvrebygda skule er ei heilt anna sak.

Øvrebygda skule er ein moderne skule med naudsynte undervisningsareal , gymnastikksal og forsamlingslokale med kjøkken.

Øvrebygda krinsen er det største krinsen i Fitjar etter sentrum. For å oppretthalda busetnaden i denne delen av kommunen er det viktig å ha ein god nærskule.

Når det politiske fleirtalet med Høgre og Arbeiderpartiet i spissen, berre ut frå økonomiske grunnar føreslår å leggja ned Øvrebygdas skule og flytta elevant til Rimbareid skule, er det lite framtidsretta. Utearealet ved Rimbareid skule er svært lite. Normkrav frå overordna mynde seier at kvar elev skal ha eit uteareal på 50 m². Eg tvilar på at Rimbareid skule i dag har eit uteareal i tråd med normkrava. Dersom elevane frå Øvrebygdo skule skal flyttast til Rimbareid skule,  må skulen utvidast, og dermed redusera utearealet ytterlegare. Ved Øvrebygda skule er det rikeleg med attraktivt uteareal.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ved å oppretthalda Øvrebygda skule sparer ein investeringskostnad for eit tilbygg på Rimbareid skule. Midlar som kan nyttast til andre viktige føremål.

All fornuft tilseier at det er lite gjennomtenkt å leggja ned Øvrebygda skule. Tilhøva for tilsette og elevar vert dårlegare, noko som går utover kvaliteten på skulesituasjonen i Fitjar kommune. Når det gjeld den økonomiske situasjonen for Fitjar kommune, kan den endra seg til det betre over tid.

Mi oppmoding til politikarane frå Høgre og Arbeiderpartiet: Det er ingen skam å snu. Stem for å behalda Øvrebygda skule som ein god nærskule!

- Annonse -