Verftsdirektør Hugo M. Strand smiler om kapp med samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen under besøket på Fitjar Mekaniske i dag. Foto: Kjetil Rydland
- Annonse -

Saman med representantar for Kystverket var samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen på ein kort visitt ved Fitjar Mekaniske Verksted i dag, og han seier han likte det han såg.

Av: Kjetil Rydland og Jonas Sætre

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen er på ei vekes rundreise for å oppleva på nært hald alt som har med ansvarsområdet hans på land og sjø.

Den einaste stoppen han tok seg tid til i vårt distrikt, var eit kort besøk på Fitjar Mekaniske Verksted. Grunnen til at han stoppa akkurat her, er at Kystverket for tida byggjer det nye skipet sitt OV Ryvingen på Sveiseneset.

– Ja, eg likte det eg såg, seier statsråden til Fitjarposten, og han legg til at det verka som om Kystverket sine folk var fornøgde.

Tenkjer på ein femte

Skipet som er under bygging på Fitjar er det fjerde nybygget i Kystverket sin flåtefornying. Solvik-Olsen fortel at det på møtet vart lufta moglegheitane for eit femte nybygg.

- Annonse -
- Annonse -

– I utgangspunktet er det fire båtar dei skal ha, men dei smilte til kvarandre på møtet og sa at me kan jo tenkje på ein femte. Så ein kan ikkje utelukke noko som helst, seier ministeren.

Ministeren tok seg tid til eit kort besøk om bord på det nye skipet til Kystverket, som er under arbeid ved Sveiseneset. Foto: Kjetil Rydland

Sjølv var statsråd Solvik-Olsen like oppteken av å oppdatera seg på prosjektet til Kystverket som på bransjen generelt.

- Annonse -

Han er heilt overtydd om at den norske skipsbyggingsindustrien er konkurransedyktig. Ikkje på å byggja store supertankarar, seier han, men på prosjekt som krev stor teknisk kompetanse. Våre næringsklyngjer med design og skipsbygging ligg langt framme, meiner ministeren.

Miljøkrav gjorde at Fitjar vann kontrakten

Solvik-Olsen understrekar at det er ein konsekvens av vedtak som regjeringa gjorde, at Fitjar Mekaniske kunne vinna kontrakten med Kystverket. Dei sørgde for at kontrakten kom ut i marknaden på ny, med strenge miljøkrav. Og dette gjorde det mogleg for Fitjar Mekaniske Verksted å vinna fram.

– Grunna dei strenge miljøkrava vann Fitjar kontrakten tilbake på det fjerde skipet, som først hadde gått til Tyskland.

På si ferd langs vestlandskysten har samferdselsministeren vore innom skipsverfta Ulstein og Havila og sett på nye miljøvennlege løysingar for skipsfarten. Han lovar at innan 2020 vil 60 ferjer i Noreg vera batteridrivne.

Ministeren gler seg over at norsk industri er langt framme på området, både av omsyn til miljøet og fordi det gir arbeidsplassar, og han legg til:

– Kunnskapen dei utviklar i bransjen, blir delt, og blir til nytte for fleire!

Den lokale frontfiguren i Framstegspartiet, Sigurd André Maraas, fekk samferdselsministeren til å stoppa på Rydland. Foto: Kjetil Rydland

- Annonse -