Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) opplyser at det er ingen planar om ei prøveordning for vegprising i Norge. Foto: Kjetil Rydland/Fitjarposten/Samferdselsdepartementet
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Me må ha is i magen, sa Arbeidarpartiet som ville vente på vegprising for å finansiere Stordpakken. No seier samferdselsministeren at ei slik finansiering ligg langt fram i tid.

Stord kommune har i sommar sendt førespurnad til samferdselsdepartementet om å delta i eit pilotprosjekt for vegprising, for å finansiere Stordpakken som blei nedstemt av kommunestyret i juni.

Pakken blei nedstemt mykje på grunn  av at Arbeidarpartiet snudde frå å vere positiv til negativ til bompengeinnkrevjing.

Partiet gjorde det likevel tydeleg at dei ikkje var i mot Stordpakken, men at dei heller ville jobbe for å finansiere pakken med vegprising, gjennom å søkje departementet om å delta i eit pilotprosjekt. Vegprising er nemleg ikkje lovleg i Norge per i dag.

– Når me veit at det er eit breidt fleirtal på Stortinget for å utvide ein vegprisingsomodell som har potensiale til å bli ein langt billigare og meir rettferdig modell, så meiner me at me må ha is i magen. Kvifor skal me vere blant dei siste som går for ei dyr, gammaldags løysing, når me kan vere blant dei første som tek i bruk ny teknologi, sa Ap-politikar Lene Pilskog i den politiske debatten.

I sommar sendte Stord kommune ein formell førespurnad til samferdselsdepartementet om å delta i eit pilotprosjekt.

Ingen utgreiing eller planar om pilotprøving

- Annonse -
- Annonse -

Men no viser det seg at å ha is i magen og vente på den nye teknologien kan ta svært lang tid. Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) opplyser nemleg til Stord24 at det er ingen planar om eit pilotprøving av vegprosjekt slik det vert føreslått av Stord kommune.

– Me arbeider no med ei ny utgreiing av vegprising for køyretøy over 7,5 tonn. Det er mange element som vil inngå i denne utgreiinga, for eksempel teknologiske løysingar, personvern, klima- og miljøomsyn og juridiske forhold. Behovet for pilotprosjekt vil bli vurdert etter at utgreiinga er sluttført, etter planen hausten 2019.

Pilotprosjekta som eventuelt vil bli vurdert etter 2019 gjeld altså berre større køyretøy. For vanleg trafikk er det ingen planar om pilotprosjekt, opplyser ministeren.

– Det er ingen pågåande utgreiing eller pilotprøving av vegprising for køyretøy generelt. Det er heller ikkje eit regelverk no som heimlar bruk av vegprising i det format ein har føreslått i Stord, seier Solvik-Olsen.

Gruppeleiar i Stord KrF. Foto: Statens Vegvesen

Ikkje overraska

Svaret frå ministeren kjem ikkje overraskande på gruppeleiar i KrF, Torbjørn Brosvik, som har vore ein av dei ivrigaste forkjemparane for bompengeinnkrevjing på Stord.

- Annonse -

– Dette var akkurat dette eg argumenterte for i kommunestyret. Det finst ingen pilotprosjekt som kan passe til Stordpakken i umiddelbar framtid. Dette var kjent før kommunestyret gjorde vedtaket.

– Dette viser at Arbeiderpartiet har basert argumentasjonen sin på fakta som ikkje finst. Det er mogleg Ap sitt på anna informasjon, men då er det i så fall ukjent for meg, for kommunestyret og ukjent for samferdselsministeren, seier Brosvik.

Geir Angeltveit (V) seier at han forventar at bompengesaka kjem tilbake til ei ny runde i kommunestyret dersom vegprising blir vurdert som uaktuelt.

– Eg spurte representantar i Ap i kommunestyret, om det var aktuelt å revurdere saka dersom dette ikkje gjekk. Det sa dei ja til. Viss dei meinte det dei sa betyr det at saka må opp igjen.

Vil ikkje svare om framtida til Stordpakken

Ordførar Gaute Epland (Ap). Foto: Stord kommune

Ordførar Gaute Epland (Ap) vil ikkje svare på Stord24 sine spørsmål om korleis partiet ser på framtida til vegprosjekta i Stordpakken når vegprising som finansiering no verkar uaktuelt.

– Me har ikkje fått noko svar frå departementet, så eg vil avvente med å kommentere fram til me får dette. Men det var ingen som sa at dei ville få til dette i morgon. Me ville sjå på ein alternativ måte å få innkrevjinga på, og me var jo klar over at dette ikkje var klart i dag.

– Kor mange år er Ap villige til å vente på vegprising som finansiering utan at noko vert gjort med vegprosjekta i Stordpakken?

– Eg kjem ikkje til å svare på det no. Me må vente på eit ordentleg svar frå departementet, så må me ta ein avgjerd om kva me gjer vidare.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -