- Dette selskapet hadde ikkje vore der me er i dag utan reinhaldsarbeidarane mine, seier dagleg leiar i Stord Reinhald, Solveig Gjester Skulstad (t.h.). Her med Nongon Yuenyong, ein av dei 17 tilsette. Foto: Cassandra G. Jespersen/Stord24
- Annonse -

Ho hadde ingen planar om å bli ein stor aktør då ho starta Stord Reinhald. Eitt år seinare har selskapet 17 tilsette og ein omsetnad på 7,5 millionar kroner.

– Det balla på seg noko heilt vanvittig, i ein racerfart.

Solveig Gjester Skulstad (41) sit på kontoret sitt i Heiane Storsenter der ho snart skal svinge seg med moppen. Ho har all grunn til å smile medan ho sørgjer for at alle kontaktflater vert skinande reine hos dei mange kundane ho har knytt til seg sidan oppstarten.

Det var hausten 2019 at Skulstad og mannen hennar John William Gundersen starta selskapet Stord Reinhald AS. Sidan då har både oppdraga og talet på tilsette vakse.

– Det har vore armar og bein, men det har vore kjempekjekt, strålar Skulstad.

Vart utbrent

Historien om korleis 41-åringen enda opp i reinhaldsbransjen startar på den tidlegare arbeidsplassen hennar.

- Annonse -

Mange vil nok hugse Skulstad frå Bytunet, der ho i 12 år dreiv daglegvarebutikken i første etasje. Først som ICA, deretter som Matkroken. Det var nokre svært utfordrande år på tampen, og det måtte hardt arbeid til for å halde tala oppe.

Så tøft var det at Skulstad til slutt vart utbrent.

– Eg trong til slutt ein sjukemelding for å få ein pause, men eg hadde lyst til å jobbe fordi det er det eg trivst med, fortel stordabuen som i 2018 fekk jobb som barnepleiar på fødeavdelinga på Stord sjukehus.

– Der fekk eg eit nytt perspektiv, som hjelpte meg til å finne ut kva eg skulle gjere vidare. Eg fann ut at eg måtte kutte kostnadane for matbutikken, og blant kostnadane fann eg at vaskinga var ein stor utgiftspost.

Solveig Gjester Skulstad angrar ikkje på at ho forlet daglegvarebransjen til fordel for ein karriere innan reinhald. Foto: Cassandra G. Jespersen/Stord24

Uventa karrierebytte

Det seier seg kanskje sjølv at løysinga vart å ta ansvar for reinhaldet sjølv. Gjennom selskapet som ho dreiv matbutikken frå, tilsette ho vaskehjelpen som ho frå før nytta heime hos seg sjølv.

– Ho var så flink at eg anbefalte ho vidare, fortel Skulstad, som plutseleg byrja å få vaskeoppdrag frå ulike hald.

Sjølv var 41-åringen, som for øvrig er utdanna helsefagarbeidar, heilt fersk i bransjen.

– Eg hadde ikkje peiling på reinhald. Det er eit fag i seg sjølv, og eg vart overraska over kor avansert det er. Ein kan jo øydeleggje både golv og møbler dersom ein gjer feil.

Etter at ho sjølv vart kursa i faget, ga ho seg med Matkroken på nyåret i fjor. Med nytt pågangsmot hoppa ho med begge beina ut i reinhaldsbransjen.

Ser ei haldningsendring

Gründeren kunne neppe ha drøymd om ein betre start enn den ho fekk i kjølvatnet av koronapandemien. I 2020 selde Stord Reinhald tenester for nesten 7,5 millionar kroner og enda på eit resultat før skatt på 527 000 kroner.

– Dette fantastiske resultatet skuldast koronaen, og hardt arbeid. Eg trur at folk har forstått at reinhald er ekstremt viktig, ikkje minst på ein arbeidsplass. Det har jo med arbeidsmiljø og trivsel å gjere, seier Skulstad.

Med pandemien har også reinhaldsarbeidarane merka seg ei haldningsendring i samfunnet. Skulstad fortel at kundane er meir takksame for jobben dei gjer, at dei smilar og seier hei. Men slik var det ikkje alle stader, før pandemien.

– Reinhaldsarbeidarar vart sett ned på. Eg vart møtt med «herregud, skal du vaske?». Det var fleire kjentfolk som rista på hovudet og sa: «Du har jo ein utdanning og eit potensial til å jobbe med så mykje anna – kvifor reinhald?». I byrjinga skjemst eg, men så vart eg forbanna. Eg er utruleg stolt over dette yrket.

Stord Reinhald med Solveig Gjester Skulstad i spissen har hatt ein eventyrleg utvikling sidan oppstarten i 2019. Foto: Cassandra G. Jespersen/Stord24

– Som gründer klarar ein ikkje å stoppe

Kundeporteføljen veks seg stadig større og Skulstad kan vise til mellom anna Mesta, Heiane Storsenter og Ford som faste kundar. Totalt har dei per i dag 98 private kundar og 68 kundar i næringslivet.

– Eg har fått ein enorm respekt for reinhaldsfaget og dette selskapet hadde ikkje vore der me er i dag utan reinhaldsarbeidarane mine. Det er ein sterk gjeng med utruleg fagleg dyktige medarbeidarar som saman med meg har stått på for å byggje opp firmaet. Eg er veldig stolt, det må eg seie. Me hadde ikkje klart noko av dette utan familie og vennar som stilte opp for oss heller.

Den gode omsetnaden i fjor ga rom for eit utbytte på 300 000 kroner. Pengane har allereie blitt reinvesterte i form av ein el-bil til bruk i vasketenesta. Det neste på lista er ein avansert vindaugevaskar med såkalla reintvassystem. Planen er også å etter kvart kunne ha ein person i ein heiltidsstilling på kontoret.

– Planen min var ikkje å bli stor, eg skulle halde meg liten. Men som gründer klarar ein ikkje å stoppe. Og så har me det jo så kjekt.

– Kva tenkjer du no då?

– Nei, no skal eg bli stor, svarar Skulstad og ler.