Solveig Koløen Birkeland vann prisen for beste kvinelege birolle i Den norske filmfestivalen i Haugesund. Foto: The Berlinale Festival
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Solveig Koløen Birkeland (17), som spelte i Erik Poppe sin spelefilm om Utøya-tragedien, vann til prisen for beste kvinnelege birolle.

17-åringen frå Stord hadde rolla som eit av ofra i Utøya-massakren i Erik Poppe sin film «Utøya 22. juli» som hadde premiere i vinter. For dette vart ho ein av dei tre nominerte til Amanda-prisen for beste kvinnelge birolle under Den norske filmfestival i Haugesund.

På laurdag vart det klart at ho trakk det lengste strået, og fekk prisen.

Dei andre som var nominert til prisen var Anne Marit Jacobsen i «Norske byggeklosser» og Kaya Wilkins i filmen «Thelma».

Birkeland sa til Stord24 tidlegare i sommar at ho ikkje forventa å vinne prisen.

– Eg forventar jo ikkje å vinne, for dei eg konkurrerer med er jo etablerte skodespelarar. Men det er jo uansett veldig kjekt å vere i same kategori som dei, sa ho.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ho fortalte vidare at ho ikkje hadde venta å bli nominert til Amanda-prisen.

– Dette hadde eg ikkje venta. Det kjennes veldig rart. Det kjennes deilig å få ei stadfesting på at eg gjorde ein god jobb. Spesielt sidan det eit så sterkt og vanskeleg tema, sa Solveig til Stord24.

Prisen for beste kvinnelege hovudrolle gjekk også til ein skodespelar frå Utøya-filmen: 20 år gamle Andrea Berntzen.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -