Onar Westerheim held framleis stor fart. Her på plass i Nederland. Foto: Privat.
- Annonse -

Under sprint-VM for veteranar i helga kom Onar Westerheim på ein flott andreplass samanlagt, i ein konkurranse der han tidlegare har gått heilt til topps.

Av: Kjetil Rydland, Fitjarposten

– Eg var nok vore litt for oppteken med biene, og sluntra unna treninga i fjor sommar, seier den spreke skeiseløparen og smiler.

Han hadde nok ei von om å går litt fortare under helgas sprint-VM i Nederland, men det var ein litt for fin sommar i fjor, og andre hobbyar freista like mykje som skeisetrening. Likevel er Onar ikkje på nokon måte misfornøgd med andreplassen i Masters-stemnet i Leeuwarden like nord for Herenveen.

Han visste vel på førehand at den «unge» amerikanaren John Diemont ville bli for sterk, etter å ha sett kva «førsteårssenioren» (fødd i 1949) har prestert i Salt Lake tidlegare i sesongen. Diemont var klart best på 500 meter begge dagar, sjølv om tidene ikkje var så avskrekkande som frykta.

På 1000 meter var han ikkje så suveren, men meir enn god nok til å sikra seg ein klar samanlagtsiger, to tidspoeng føre vår mann. Onar på si side sikra seg to andreplassar på 500 meter, og var ikkje lenger bak på 1000-metrane enn at det heldt til andreplass samanlagt. Tredjemann blei den gamle kjenningen frå Russland, Ivan Kasyanov, som var vel eitt tidspoeng bak Onar.

- Annonse -

Resultata frå 70-årsklassen finn står på Speedskatingresults.

Denne gongen hadde Onar reisefølgje med Jan Henriksen frå Stord, som sikra seg ein imponerande andreplass i klassen 75–80 år.

Onar er naturlegvis rimeleg fornøgd med helgas innsats, men han hadde ei lita von om å komma under 46 sekund på 500 meter utan å lukkast. Det reknar han med å klara under rekordløpa i Stavanger førstkomande helg.

Onar tek imot premie for andreplassen i sprint-VM i Nederland. Foto: Privat.

Som me skjønar, er sesongen slett ikkje over for den spreke pensjonisten. Og neste helg tek han med seg storebror, Harald Westerheim, Jan Henriksen og ungdommen Kjell Håvard Belsvik til Trøndelag.

Årets allround-VM går av stabelen i Bjugn, og her har Onar vel så store sjansar, meiner han. Ein russar og to nederlenderarar er omtrent på nivå med Onar, det kan lett bli gull, sølv eller bronse på vår mann.

Onar Westerheim fyller 71 år i neste månad, men han har ingen planar om å leggja opp. Til neste år er det sprint-VM i sjølvaste Calgary, og allround-VM i Collalbo, på den raskaste utandørsbanen i verda.

Der vil Onar stilla minst like skarpskodd som i år, sjølv om biene òg kjem til å krevja sitt i sommar!

Det blei ikkje medalje denne gongen, premien var ein tresko sett på høgkant. Foto: Privat.
- Annonse -