Solid ønskjer å hjelpe krigsråka barn i Kobane i Syria med fotballbanar. Foto: Foreningen fotballbane for gutter og jenter i Kobane
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

For kvart påmeldte lag til årets Eat Move Sleep-cup så gir IL Soild 50 kroner til bygging av fotballbanar for barn i den syriske byen Kobane.

– Det er veldig kjekt å dele med andre som ikkje har det så bra. Det er viktig for oss å gjere litt for andre enn os sjølv seier Grethe Fadnes i IL Solid, som er prosjektansvarleg for Eat Move Sleep-cupen på Stord.

For kvart lag som melder seg på årets cup, vil 50 kroner av deltakaravgiften gå til bygginga av fotballbanar for krigsråka barn i den syriske byen Kobane. Byen er ein av dei som har vore råkast hardast av krigen i Syria, der IS i 2015 sto bak ein av dei verste massakrane i krigen.

Jobbar med inkludering

Fadnes fortel at Solid i lang tid har vore engasjerte i internasjonal solidaritet, og har mellom anna sendt lagdraktar til barn i fattige land, og at dette prosjektet passar veldig godt for Solid.

– Me i Solid jobbar mykje med verdiar. Og ein av verdiane våre er inkludering. Ungdomsutvalet i klubben har vore veldig aktive i å inkludere asylmottaket, og i tillegg er det fleire spelarar frå mottaket som speler på juniorlaget og gutelaget til Solid. Difor er dette ei naturleg vidareføring av engasjementet vårt,

- Annonse -
- Annonse -

– Kor kom ideen om å hjelpe barn i Syria med å byggje fotballbanar frå?

– Eg fekk ein invitasjon på mail frå Per Omdal. Det passa veldig godt inn i dne raude tråden me har hatt med å hjelpe folk i andre land. Når eg lufta dette for laget var det god stemning for å gå vidare med det.

- Annonse -

Eit lyspunkt

Det er idrettsleiar Per Omdal, Raudt-politikar Erlend Folkvord og samfunnsvitar Monika Gulmoen som har teke initiativ til å skaffe fotballbanar i den krigsherja byen.

– Ungane i Kobane i det nordlege Syria har mista mykje i krigen. Familiemedlemmer, hus og skule. Å gi byen fotballbanar vil vere eit lyspunkt, eit høve til å utfalde seg i fellesskap, leik og glede, skriv initiativtakarane til aksjonen.

Eat Move Sleep-cupen går av stabelen på Nysæter 22. og 23. april, og er den største fotballcupen i Sunnhordland. Solid skal varme opp før cupen med ein såkalla «super-tysdag», 18 april. Då vert det eit miniseminar og ein treningsøkt med ein representant for Norges Fotballforbund

Konseptet bak Eat Move Sleep-cupen går ut på å setje fokus på betre folkehelse og auka livskvalitet, ved å fremje sunt kosthald, fysisk aktivitet og søvn.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -