Slik ser Fronta sine arkitektar for seg det nye bygget i Borggata. Skisse: Fronta
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Har flytta bygget ein meter mot aust, men fasaden er uendra.

Fleirtalet av politikarane var skeptiske Fronta sine planar om eit nytt kombinert næringsbygg og bustadblokk i Borggata, då saka vart handsama i april. Dei vedtok å utsetje saka for å få arkitektane til å tilpasse bygget betre i bymiljøet.

Også kulturkonsulenten i Stord kommune, Guri Aksnes, har utrykt motstand mot arkitekturen og plasseringa av bygget.

Fronta-sjef Kurt Arne Tyse uttrykte då frustrasjon over at ein forsøker å stikke kjepper i hjula på nokon som vil satse i Borggata, og varsla at han kunne kome til å gi opp heile prosjektet.

Men slik gjekk det ikkje. No har arkitektane sendt nye, oppdaterte teikningar av bygget, som skal handsamast i siste møte i forvaltningsstyret før sommaren.

I desse teikningane er bygget trekt 1 meter mot aust, slik at det blir større opning mellom Borggata og hamna.

- Annonse -
- Annonse -

– Bygningen går no ikkje inn i eksisterande hovud-gateløp i Borggata. Dette gjer at bygningen no orienterer seg betre i gateløpet og opp mot verna bygningar i nærleiken, skriv planleggjar Berit Haga Vikanes i ABO PLan og Arkitektur.

- Annonse -

Vidare er volumet og fasaden vurdert på nytt, men her har ikkje arkitekten gjort noko endringar.

– Det er valt å ikkje endra desse. Tilbakemeldingar frå forvaltningsstytet gav oss grunn til å tru at valde løysingar i både uttrykk, materialval og proporsjonar er akseptable og gir eit godt uttrykk for 2019.

Det er også bestemt ein ny fargesamansetning på bygget som skal gjere at det passar betre inn i bymiljøet.

– Toppetasjen blir kledd med skifergrå matt platekledning som vil gi assosiasjon til skifertaka i Borggata og i Søndre Kaisving. Mellometasjane er kledd med kvit liggande trepanel og tar opp i seg voluma til dei kvite trehusa i Borggata. Næringsetasjen på gateplan er tenkt mahognibrun og er særs transperant med vindauge, som ein assosiasjon til 60-tals husa lenger opp i gata, skriv planleggjaren.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -