Foto: Cassandra Jespersen/Stord24
- Annonse -

Vinden skaper utfordringar for Sunnhordlandsruta.

SISTE: Skyss opplyser kl 16.18 at også snøggbåtruta frå Leirvik til Bergen er innstilt. Dette gjeld avgang kl. 17:00 frå Leirvik mot Bergen og retur kl. 20:10 frå Bergen er innstilt grunna uvêr.

– Grunna uvêr kan ikkje Sunnhordlandsruta betjene Sunde båtkai inntil vidare, skreiv Skyss på nettstaden sin like før klokka 14 måndag.

Skyss melder at båtane går til Ranavik og Leirvik som normalt.

Kapteinen på M/S Teisten, Helge Hellesund, fortel at vinden skaper utfordringar på Sunde.

– Når sjøen er så stor at den slår over kaia, er det ikkje forsvarleg å slippe folk i land. I ett-tida målte vi vinden til 24 meter i sekundet.

- Annonse -
Kapteinen på M/S Teisten, Helge Hellesund, har ein krevjande dag på jobben. Foto: Cassandra G. Jespersen/Stord24

Utfordrande kaiutforming

Hellesund forklarar at utfordringa med kaia på Sunde, er at den er bygd slik at båtane må ligge til kai med baugen først.

– Då får vi vinden og bølgane inn mot sida, og det gir ein stor risiko, seier han, og siktar til steinrøysa like ved kaia.

– På Ranavik er det nesten vindstille.

Klokka 15:33 hadde vinden roa seg noko, slik at M/S Teisten klarte å leggje til kai ved Sunde.

Har satt inn buss

Kaptein seier at dei følgjer med situasjonen heile tida og at dei går til kai så lenge det er forhold til det.

Skulle vinden tilta igjen, har Skyss ordna med buss til dei reisande, som hentar desse på Ranavik og køyrer dei til Sunde.

Ifølgje meteorologane hos YR kan Vestland fylke måndag få kjenne på vindkast opp mot 35 meter per sekund.

Saka vert oppdatert