Frå 1. juli må også mange av hobbydronane registrerast. Alle som skal flyge dronar over 250 gram må dessutan bestå ei droneførarprøve hos Luftfartstilsynet. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
- Annonse -

Frå 1. juli må brorparten av dei rundt 460.000 droneeigarane her til lands registrere seg og ta kurs i droneflyging.

Dei nye EU-reglane som då trer i kraft i Noreg, skil ikkje lenger mellom hobbyflyging og profesjonell bruk. Berre dronar under 250 gram utan kamera eller andre typar sensorutstyr slepp registreringa, ifølgje Teknisk Ukeblad.

Dei som skal flyge dronar på over 250 gram, må frå i sommar dessutan gjennomføre nettkurs og bestå ei dronepilotprøve hos Luftfartstilsynet. Aldersgrensa for å fly slike dronar er 16 år.

Dei noverande sertifiseringskategorianeane blir òg erstatta av dei nye kategoriane «open», «specific» og «certified», som er graderte etter risikoen.

Etter planen skal Avinor Flysikring samtidig få på plass eit eige digitalt bookingsystem for luftrom i 2020. Der skal dronepilotar kunne reservere plass i det kontrollerte luftrommet.

- Annonse -
Forrige artikkelFleire ønskjer å bli flinkare til å knipe igjen lommeboka på nyåret
Neste artikkelTrekkjer tilbake sanksjonar mot Sunnhordland Bygg