Samfunnsplanleggjar Alf Helge Greaker i Bømlo kommune håper dei får tilsegn på søknaden om å tilby "Podbike" til utlån på Stord, Fitjar og Bømlo. Foto: Bømlo kommune/podbike
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Stord, Fitjar og Bømlo kommunar har gått saman om planlegginga av ein felles kampanje for å få pendlarar og barnefamiliar til å velje ein meir miljøvenleg framkomst enn bilar.

Kommunane har søkt om såkalla klimasatsmidlar, som skal finansiere gratis utlån av ulike typar elsyklar, i tillegg til det merkeverdige framkomstmiddelet «Podbike».

Podbike er ein norskutvikla liggesykkel med takoverbygg.

– Me har søkt om å prøve ut både elsyklar og Podbike. Det er jo sistnevnte som er den mest spennande. Dette er noko dei no produserer testversjonar av, så me håper me får tilskot for å prøve det ut i vår region, seier Alf Helge Greaker, som jobbar som samfunnsplanleggjar i Bømlo kommune.

Han har på vegner av Bømlo, Stord og Fitjar sendt inn søknaden til miljødirektoratet.

– Her er det jo nok med vêr og vind, noko som gjer at Podbike ville vore veldig spennande å prøve ut. Det er veldig mange som pendlar mellom Stord, Fitjar og Bømlo, så me kunne ønskje å fått nokre pendlarar til å prøve ut farkosten.

Foto: Podbike
- Annonse -
- Annonse -

Dersom kommunane får tilsegn på søknaden vil kven som helst få tilbod om å låne dei ulike syklane.

- Annonse -

– I praksis blir det ein kapanjeperiode på nokre veker der folk kunne låne dei, i samband med den europeiske mobilitetsvka. I denne omgang blir det ikkje noko langtidsprosjekt.

Greaker legg ikkje skjul på at han brenn for miljøvenleg transport.

– Eg er heilt overbevist om at elsyklar har eit stort unytta potensiale i distrikta. I byane har det allereie fått eit viktig gjennomslag. Men dei neste åra trur eg elsyklane også kjem til å slå gjennom i vår region.

– Det handlar berre om at me må prøve det. Stadig fleire må sjå at her er det faktisk eit poeng. Så er det jo vesentleg billigare enn bil nummer to, seier Greaker.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -