Illustrasjonsfoto: Wikimedia Commons
- Annonse -

Stord vidaregåande skule tilbyr frå neste skuleår elektrofag med spesiell studiekompetanse, som ein av tre skular i heile landet.

Vanlegvis må elektroelevar, som ved alle yrkesfag, ta eit ekstra år med påbygg for å få studiekompetanse. Men ved skulestart neste år vil Stord vidaregåande tilby eit treårig opplæringsløp som både gir opplæring i elektrofaget og inngangsbillett til høgare utdanning.

– Dette er eit veldig eksklusivt tilbod, det er berre to skular til i heile landet som tilbyr dette, skriv Stord vidaregåande skule.

Kan bli ingeniør

Det nye studietilbodet består av programfag elektrofag, realfag og fellesfag, og er retta mot dei som har ein draum om å bli ingeniør.

– Ved å kombinere elektrofag og studiespesialisering tilbyr me eit opplæringsløp som er spesialtilpassa for ungdom som vil bli ingeniør eller sivilingeniør. Denne utdanninga gjev deg breie valmoglegheiter. Målet er at når du søkjer jobb som nyutdanna ingeniør så skal du kunna visa til solid yrkeskompetanse i elektrofaget.

Skulen presiserer at utdanningsløpet ikkje er for kven som helst.

- Annonse -

– Utdannainga er krevjande og det er ein føresetnad at ein legg inn ein stor eigeninnsats.

- Annonse -