Sædalen G10 frå Bergen får utdelt medalje. Foto: Jan Morten Nesse/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

I helga samla heile 137 lag seg for å spela fotball på Vikahaugane i det som vert den 29. Puttefestivalen i rekkja.

Av: Jan Morten Nesse, Stord24

Dei yngste spelarane mellom 7 og 11 år startar fotballsesongen med eit lite fotballeventyr der samvær, idrettsglede og Fair Play er vel så viktig som resultata ute på grasmatta. I år kom lag heilt frå Fana og Bergen i nord til Frøyland i Time kommune i Rogaland i sør.

Årets Puttefestival har blitt krydra med ekstra festivalpreg, hoppeslott, Puttetog, dans og oppvisningar frå scenekanten. Ikkje minst set spelarane ekstra pris på ei engasjert og levande premieutdeling der kvar og ein får kjensla av at nettopp deira lag har vore med i ei fotballturnering nesten like viktig som den som vart spelt i Russland i sommar.

Einar B. Valland i arrangementskomiteen fortel Stord24 at Vikahaugane er ein framifrå arrangørstad for Puttefestivalen. God plass, mange fotballbanar og tribunar gjev rom for den gode fotballopplevinga der born og foreldre får høve til å ta del i idrettsgleda saman.

Deltakarane på Puttefestivalen kunne ikkje klaga på vêret søndag. Foto: Jan Morten Nesse/Stord24

– Dette er eit dugnadslag der det er mange som dreg i trådane. Me har ein arrangørstab på om lag 20 personar. Alle som har born som spelar på Stord TIL er med og gjer ein verdifull innsats. Utan desse bidraga hadde det ikkje vore mogleg og arrangert ein slik festival.

- Annonse -

– Deltakarane og tilskodarane er også med på å gjera dette til ein fest. Me lyt og gje honnør til våre sponsorar og samarbeidspartnarar. For meg er det aller viktigaste at ungane som spelar fotball dreg herifrå med ei god fotballoppleving og at dei har hatt det kjekt. Då veit me at me har lukkast, seier Valland.

Stord24 ynskjer gjerne vita om 30-årsjubileumet neste år kjem til å verta markert på nokon måte.

– Hehe, ja, me skal ikkje sjå bort ifrå det. No lyt me gjera oss ferdige her denne helga og sjå om det dukkar opp nokre gode idéar fram mot neste års Puttefestival.

Stord G10 i aksjon på årets Puttefestivalen. Foto: Jan Morten Nesse/Stord24
- Annonse -