Foto: Westcon
- Annonse -

Geir Odland frå Stord er tilsett som forretningsutviklar i klynga på Heiane, halvtanna år etter han blei dagleg leiar i Fronta Bygg.

Odland har i mange år vore administrerande direktør i Westcon Power & Automation, som er elektro- og automasjonsselskapet i Westcon-konsernet.

Her var han sjef for til saman 165 tilsette ved avdelingane på Ølen og Karmøy. Etter halvtanna år som dagleg leiar i Fronta Bygg, går han no tilbake til industrien.

– Eg gler meg til å starta i ein organisasjon eg fekk kjennskap til då eg jobba i Westcon. Eg opplever NCE Maritime CleanTech både som framoverlent og som ein aktiv pådrivar i arbeidet mot nye energieffektive og miljøvenlege løysingar, seier Odland på Maritime CleanTech sine heimeside.

– Det er eit langsiktig arbeid som, interessant nok, mange gongar vil gå føre seg i samarbeid med aktørar som i dag jobbar mykje med olje og gass.

Odland har til saman 20 års røynsle frå ulike leiarverv i Aker, Kværner og Wärtsilä, samt Westcon Power & Automation der han sat som administrerande direktør i nær åtte år.

- Annonse -

Framover kjem Geir Odland til å hjelpa NCE Maritime CleanTech og partnarane i klynga til å sjå nye mogelegheiter, samt å utvikla nye innovasjon- og utviklingsprosjekt.

– Eg håpar eg kan bidra med erfaringa ein sit att med etter å ha jobba på leverandørsida i verdikjeda i mange år. Samstundes er det veldig spennande å få vera ein del av ein organisasjon der ein får oppleva heile reisa frå ein god idè til ferdige løysingar ute i marknaden, seier han.

Dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland, seier Odland vil vere ein viktig nøkkelperson for vidareutviklinga av klynga.

– Som senior forretningsutviklar vil Geir ha ei sentral rolle i arbeidet vårt med å få fram og kommersialisere nye grøne og energieffektive løysingar til havnæringane. Med sin solide industribakgrunn vil han vera ein svært viktig ressurs for klyngebedriftene våre, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.

- Annonse -