Arvid Borlaug har ein lang karriere bak seg som restaurantdrivr. No skiftar han beite, og blir ny franchisesjef på Esso/Deli de Luca i Leirvik sentrum. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Arvid Borlaug overtek som franchisesjef på Esso/Deli de Luca i Leirvik sentrum etter Gunhild Hauge.

– Det er jo to forskjellige bransjar, sjølv om det er snakk om mat her òg, smilar Borlaug.

Han tek seg ti minuttar til ein kaffekopp med Stord24 sin utsendte etter trass i svært travle dagar på jobb. Borlaug, som har mange års erfaring i restaurantbransjen, jobba som restaurantsjef i Brygga 11 på Stord inntil restauranten stengte for sesongen i jula.

No har han altså skifta beite, og er blitt kioskdrivar på Esso/Deli de Luca i Leirvik sentrum

Blir mindre anbefalingar

– Nei, det er jo ein stor overgang. Deli de Luca har mykje god mat, men det blir jo meir kiosk her, og eg er jo litt meir vant til å presentere dagens trerettar og anbefale vinar.

– Kjem du til å halda fram med anbefalingane her?

- Annonse -
- Annonse -

– Ja, ein cola til pizzaen. Ein god årgang, ler stordabuen.

– Kvifor bestemte du deg for å slutte i Brygga 11?

– Å jobbe på Restaurant er ofte veldig mykje kveld- og nattjobbbing. Ein er ofte ikkje ferdig før klokka 3 på natta. Eg veit ikkje kor mange år eg har vore nattarbeidar. I den nye jobben kan eg vere litt fleksibel og jobbe mykje meir på dagtid.  Så har eg vore i restaurantbransjen i 20 år og er klar for å prøve noko nytt.

Lang erfaring

Jobben som restaurantsjef på Brygga 11 hadde han berre i eitt år. Før den tid har han vore restaurantsjef for Sjøhuset Skagen, Kontoret Bar og Dickens i Stavanger. Han har også vore innom Solstrand hotell og Bømlo hotell.

Han dreiv også restauranten Vikjo vin & Fetevare i Leirvik sentrum, i lokala der Sykkel & Kaffi held til i dag. Eit konsept som blei vanskeleg å få til å gå rundt, og som blei avvikla etter kort tid.

- Annonse -

For Deli de Luca trur han på god butikk.

– Det er bra omsetnad på butikken. Og det var ein veldig god forbetring frå forfjor. Så eg ser moglegheitar. Men det vil krevje mykje jobbing.

Kundane kjem ikkje til å merke dei store endringane i tilbodet når han no overtek som eigar av Deli de Luca.

– Nei, konseptet er nok ganske satt. Men me kjem til å starte med utleige av tilhengjarar. Så får eg berre setje meg ned og prøve og feile litt etter kvart.

Vil ta opp pizzakampen

Det han lovar å gjere er å marknadsføre at Deli De Luca tilbyr take-away-pizza. Noko ikkje ein gong han visste til då han starta i jobben.

– Eg var knapt klar over at dei hadde pizza, så eg ser jo at den biten er dårleg marknadsført. Eg kjem til å gå litt meir ut for å presentere pizzaen vår.

– Er det forgjengaren din Gunhild Hauge, som er i ferd med å starte Peppes Pizza, som vil bli største konkurrenten?

– Nei, eg vil ikkje seie det. Me kan jo ikkje produsere det same volumet. Men me har jo eit bra utval og så er me faktisk dei rimeligaste på Stord på take away-pizza.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -