Ove Wilhelmsen i Wärtsilä Ship Design. Foto: Enova
- Annonse -

Wärtsilä har beslutta å fusjonere alle sine selskap i Norge.

– Det finske industrikonsernet forenklar organisasjonsstrukturen og slår saman dei fem ulike Wärtsilä-selskapa i Norge. Først ut er Wärtsilä Ship Design som blir ein del av Wärtsilä Norway i løpet av hausten.

Skipsdesign-selskapet held til på Heiane, etter at det vart flytta frå Fitjar for nokre år sidan. Rekneskapstala frå i fjor viste at selskapet gjekk med eit kjempestort underskot på meir enn 40 millionar kroner.

Men i følgje Wärtsilä skal ein ikkje legge for mykje betydning i desse tala, då det har vore nokså tilfeldig om inntektene kjem til morselskapet eller Wärtsilä Ship Design. No vil selskapa altså bli fullt integrerte.

– Eg trur dette er ein svært positiv utvikling for oss og er sikker på at me vil få store moglegheiter til å utvikle oss vidare som ein integrert eining i ein større organisasjon, seier adm. dir. i Wärtsilä Ship Design, Ove Wilhelmsen i ei melding.

Dei fem selskapa som vil bli slått saman er følgjande: Wärtsilä Norway (Bømlo/Stord), Wärtsilä Ship Design (Stord), Wärtsilä Gas Solutions (Asker), Wärtsilä Moss (Moss) og Wärtsilä Valmarine (Drammen). Desse skal bli til et selskap i løpet av det komande året.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

De fem selskapa kjem til å bli samlet i Wärtsilä Norway AS, som framleis vil ha hovedkontor på Rubbestadneset, Bømlo.

Ingen av dei rundt 1000 tilsette i dei norske selskapa vil måtte endre lokalisering som eit resultat av samanslåinga.

– Den nye strukturen vil hjelpe oss med å opptre som eitt selskap i Norge, og dermed styrke posisjonen vår i den norske maritime klynga. Målet vårt er å både kunne gi eit meir heilskapleg tilbod til kundane våre, og skape ein betre plattform til å utvikle dei tilsette og verksemda til bedrifta, seier Hans-Petter Nesse, administrerende direktør i Wärtsilä Norway.

- Annonse -