- Annonse -

Frå 1. januar vil trafikkskulen Stord Trafikk leggje ned, kort tid etter at dei flytta inn i nye lokale i Bytunet.

I ein epost til Statens Vegvesen opplyser dagleg leiar, Ole Jacob Hystad at skulen vil bli lagt ned frå 1. januar at det dermed ikkje vil bli noko meir undervisning.

– Eg har ikkje så lyst å seie så mykje om dette. Det er ingen dramatikk. Det er ikkje snakk om konkurs, me har ingen kreditorar som bankar på døra. Me tenkjer berre at det er greit det som no skjer. Me er framleis vener, fortel Hystad.

Hystad understreker at ingen elevar vil bli råka av den snare nedlegginga.

– Nei, det er ingen som vil bli råka, dei vil bli godt tekne vare på av dei andre.

Stord Trafikk gjekk i 2016 med eit minus på ca. 500.000 kroner før skatt, og har hatt eit kraftig fall i omsetnaden dei siste åra. I 2014 omsette dei for 8,2 millionar kroner og i 2016 hamna omsetnaden på 5,9 millionar kroner.

- Annonse -

Han opplyser at både han og dei fire andre trafikklærararane ved skulen halde fram med å vere trafikklærar andre stadar.

Stord Trafikk, flytta for eit par år sidan til Bytunet. Før dette hadde dei hatt kontor i Evjo i mange år, under namnet Stord Trafikkopplæring. Men dei måtte flytte derifrå då anleggsarbeidet i tilknyting til høgblokka Hamnetind skulle i gang.

Det er tre attverande trafikkskular på Stord når Stord Trafikk no gir seg: Sunnhordland Trafikkopplæring, Invia og Trafikkskulen Din.

- Annonse -