Det kom mykje svart røyk frå bygget i Hollundsdalen i Bømlo som byrja å brenne måndag morgon.
Komma 9.25 meldte brannvesenet om at det hadde byrja å brenne i industribygget. Bømlo-Nytt skriv at det var det hos verksemda Nesseplast at det byrja å brenne.
Det var ikkje meldt om personskadar i brannen, som brannvesenet raskt fekk kontorll på.
I følgje politiet var det ein del råstoff i bygget som blei brukt til å lage isopor. Det kom mykje svart røyk frå bygget, men dette avtok etter kvart.
– Bygget har sotskadar. Politiet driv med etterforsking på staden, opplyste Sørvest politidistrikt klokka 10.30.