Det var i dette bygget på Ådland at valden skjedde. Foto: Ådlandtoppen hybelbygg
- Annonse -

Fekk brot i ansiktet då han blei slått ned grunna pengekrangel etter ein narkotikahandel. 

Det var i november i fjor at mannen i 30-åra dytta til ein mann i Ådlandstoppen hybelbygg og slo han fleire gonger i ansiktet. Det førte til at fornærma fekk brot i høgre kinnbein og i nasebeinet.

Mannen er no dømt til fengsel i 75 dagar i Sunnhordland tingrett.

Krangla om narkohandel

Hendinga skjedde etter at fornærma hadde hindra domfelde å passere i gongen i hybelbygget etter krangel etter ein narkotikahandel. Det førte til slutt til at mannen i 30-åra slo til fornærma slik at han begynte å blø. Mannen ringte sjølv til politiet og melde frå etter valden.

Retten skriv at det ikkje er i tvil om kva som var årsaka til ansiktsbrota fornærma fekk.

- Annonse -
- Annonse -

– Retten er ikkje i tvil om at skadane på fornærma kjem av eitt knyttneveslag frå domfelde. Det er heilt uråd at skadane kan ha oppstått ved fall mot vegg eller dør, då ville skadane blitt annleis.

- Annonse -

– Retten er heller ikkje i tvil om at slaget var forsettleg, og at domfelde, då han slo, rekna det som overvegande truleg at slaget ville gi skader, ut frå at slaget var hardt mot fjeset.

Ikkje urimeleg

Samtidig avviser retten at valden kom som eit resultat av naudverge, då domfelde hadde høve til å snu i gongen og gå tilbake den andre vegen.

Det vart også peika på at ein ubetalt hasjhandel var ein sentral bakgrunn for hendinga.

– Retten finn det mest truleg at det var ein diskusjon om pengar, og at stenginga også kunne vore unngått med at domfelde betalte det han skulda. (…) retten legg vekt på at det ikkje var urimeleg at fornærma ville ha svar på spørsmålet om betaling av gjeld

- Annonse -