Magne Bjelland i Stord Høgre. Foto: Stord Høgre
- Annonse -

DEBATT: Eg meiner Damås bør ha respekt for dei kommunale organa som har stadfesta at eg er gild/habil i saka.

Av: Magne Bjelland,
Stord Høgre

Eg les med undring på Stord24 si nettside den 10.03.2023 at leiar i Plan og Utvikling, Edgar Damås ennå stiller spørsmål rundt min habilitet i saka om Seilforeninga.

Eg meiner Damås bør ha respekt for dei kommunale organa som har stadfesta at eg er gild/habil i saka, og med det la vera å koma med slike insinuasjonar. I tillegg kjem han med antydingar om mitt insentiv i saka, og om eg mogleg har ein skjult agenda.

Slike påstandar og antydingar er så grove, at eg trur det er på plass med ei oppklaring og presisering både når det gjeld Eldøyane Sjøsportsenter, min rolle i stiftinga, mi rolle som medlem i utval for plan og utvikling og bakgrunnen for mine spørsmål.

- Annonse -

Eldøyane Sjøsportsenter (ESS)

ESS er ei stifting som eig og driv eit sjøsportsenter på Eldøyane. Eigarar av stiftinga er 315 andelseigarar – sk. Rettigheitshavere. Ein Rettigheit tilsvarar éin båtplass i ein gitt størrelse. Anlegget består av ca. 350 båtplassar, lagshus, dokk, lagerhall for vinteropplag, opptakskran og ei 60 meter lang servicebrygge (spesiallaga for utøving av jolleseiling og seglbrett).

Føremålet til stiftinga forutan å halda båtplassar til sine eigarar, er å tilby lag og organisasjonar innan sjøsport ein tilhaldsstad for å utøva sin sport. Spesielt retta mot barn og unge. Stiftinga er eit sk. non-profitt føretak, vi skal altså ikkje tene pengar, men lage tilbod for dei som ønskjer dette. Lag og organisasjonar som ønskjer tilhaldsstad i anlegget, betalar berre forbrukskostnader (straum og vatn), og ein liten årleg sum for lokale. Andelseigarar som har sin Rettigheit aktiv (båt i hamna), betalar ei årsavgift på 1.500-3.000 avhengig av størrelse på Rettigheit.

Vi er et reint driftsselskap. Vi konkurrerer ikkje med nokon – korkje Stord Seilforening eller andre lag og organisasjonar som måtte drive sjøsport. Inntekt til drift får vi gjennom årsavgift frå andelseigarane, og ellers andre aktørar som ønskjer leige båtplassar eller areal hos oss. Både private og kommersielle. Underteikna er styreformann i stiftinga.

Gildskap

Då saka om Seilforeninga sin søknad om tilhaldstad på Skottebergkaien var oppe til handsaming i PUT (utval for plan og utvikling), ba underteikna Rådmannen om å vurdera min gildskap. Med bakgrunn i informasjonen gjengitt over, fekk eg tilbakemelding om at eg var gild, noko som også politikarane stilte seg bak.

Då saka kom opp i PUT, vart søknaden til seglforeininga avslått av eit fleirtal i utvalet. Saka vart oversendt kommunestyret for ny handsaming. I etterkant av sakshandsaminga i PUT og forkant av kommunestyret, vart det gjort eit forsøk frå koalisjonen med ordførar i spissen å omgjere kommunekontrollar, Iren Dyrseth si innstilling om min gildskap.

Denne gangen vart det stilt spørsmål om gildskapen til heile Høgre si kommunestyregruppe. Det vart sjølvsagt avvist. Koalisjonen fekk likevel fleirtal for å innvilga søknaden til Seilforeninga utan Høgre sine stemmer.

Medlem av PUT

Ei stor oppgåve for PUT er å handsama byggjesaker som av ein eller anna grunn ikkje blir løyst etter gjeldande retningslinjer eller planar, men som kan løysast gjennom dispensasjonar. Det kan vera klager på avslått søknad, eller areal konflikt – eksempelvis bruk av landbruksareal. Eit anna viktig område som ligg under PUT er Stord Hamnestell.

I prinsippet er PUT styre til Hamnestellet, og som medlem av PUT betraktar eg meg som styremedlem. Om det gjeld kommersielle aktørar, kommunale einingar eller andre organisasjonar, er min jobb som styremedlem å legga til rette for at verksemda vert drive på eit forretningsmessig forsvarleg vis til beste for kommunen. Gjorde eg ikkje det, gjorde eg heller ikkje jobben min.

Når Hamnesjefen gav sterkt utrykk for si bekymring for Seilforeninga si etablering på Skotabergskaien, da meiner eg det er mi plikt å lytta. I tillegg til åtvaringane frå Helse Fonna vedrørande ambulansemottaket på kaien.

Summa summarum – argumenta er så sterke at dei ikkje kan setjast til side. Det gav eg utrykk for i møte, og det står eg for.

Seilforeninga til Eldøyane Sjøsportsenter?

Ein annan påstand Damås legg fram er at «ein sentral del av argumentasjonen har vore at seglforeininga heller burde vera lokalisert nettopp på Eldøyane». Eg skal ikkje gje spalteplass på mot argument, men heller opplyse om prosessen i forkant av Seilforeninga si flytting frå Eldøyane.

Underteikna vart som leiar av ESS kontakta av SSF sin leiar der han kunne informera om at dei (SSF) var i dialog med utbyggjar av Skjærsholmane båthamn om å få etablert sin virksomhet der. Det skulle inkludera lagshus, opptakskran og flytebrygger etc. Eg svara at det var leit dei ville flytta, men tok det til etterretning. Samstundes sa eg at vi finn ei praktisk løysing med omsyn til til sjølve flyttinga.

Leiar var ærleg og sa han var usikker på om dei lykkas med etableringa, og gav utrykk for at dei gjerne vill ha ein retur-billett om mogeleg. Noko eg sjølvsagt svara ja på – «De er hjartelag velkomne tilbake dersom de ikkje lykkas med etableringa». Eg er sikker på at Leiar i SSF kan bekrefta våre samtalar.

Så er resten av historia kjend. Forhandlingane med utbyggar på Skjærsholmane lukkast ein ikkje med, og SSF måtte forlata staden. Litt overraska vart vi når dei ikkje valte returbilletten, å returnera til ESS. I staden kom det opp ein del skriv i media om kor farleg det var å driva jolleseiling for barn og unge på Eldøyane.

– Som politikarar har me stor makt

Eg håpar bilete over var ei oppklaring på mine roller i ESS og i PUT. Når eg som politikar sit i PUT, skal eg – når det er naudsynt, fremja Stord Hamnevesen. Og sidan det ikkje er PUT sin leiar som avgjer mitt gildskap, kjem eg til å halde fram med å fremja saker som tener hamnestellet og innbyggjarane våre.

Til slutt vil eg understreke at mine spørsmål i Plan og Utvikling ikkje er å forstå som nokon kritikk til Administrasjonen. Skal det rettast noko kritikk, så er det til oss politikara.

Som politikarar har me stor makt. Ei makt å forvalta fellesskapets verdiar. Då er det viktig at vi gjer dette til det beste for våre innbyggjarar.

- Annonse -
Forrige artikkelUregistrert ATV i trafikkulykke – mistanke om ruskøyring
Neste artikkelSæbjørn (32) frå Stord vil bli økonomisjef på grensa til Russland