- Annonse -

Nye ferjekontraktar for sambanda Jektevik-Hodnanes-Huglo og Skjersholmane-Ranavik startar 1. januar 2020. Det gir store endringar i tilbodet.

I høve dei nye kontraktane skal sambanda elektrifiserast.

For sambandet Skjersholmane-Ranavik vil nye ferjeruter innebere følgjande endringar i høve dagens rutetilbod:

• Redusert tilbod med 1 avgang t/r kvardag og helg
• Opningstida vert utvida med seinare siste avgang
• Endringar i rutetider kan innverke på arbeidsreisande

Skyss skriv at det har vore ei trafikkvekst på 2,3 prosent på dette sambandet frå 2017 til 2018, og at fleire bilar har blitt ståande att på ferjekaien.

I 2020 vil kapasiteten på ferjene bli utvida. To nye, elektriske ferjer er under bygging og vil ha ein kapasitet på 83 personbilar. Dagens to ferjer har kapasitet på 83 og 50 personbilar.

- Annonse -

For sambandet Jektevik-Nordhuglo-Hodnanes vil nye ferjeruter, som kjent, innebere svært store endringar i høve dagens rutetilbod;

• Redusert med 5 avgangar t/r kvardag
• Redusert med 5 avgangar laurdag og 4 på søndagar
• Nordhuglo – ingen endringar i tal avgangar
• Mindre endringar i opningstid – forskjøve
• Relativt store endringar i rutetider
• Påverkar tilbodet for arbeidsreisande

Som Stord24 har skrive fleire saker om, har endringane på dette sambandet skapt sterke protestar. I hovudsak frå Tysnes kommune, som blir hardt råka av færre avgangar. Men også Stord kommune har protestert, då endringane skapar vanskar for skulebarn som skal heim frå skulen.

Skyss skriv at dei føreslåtte endringane på begge sambanda framleis er til vurdering.

– Skuleskyss med buss i tilknyting til Nordhuglo, samt dei vidaregåande skulane på Stord og Fitjar, vil bli tatt omsyn til. Skyss er i dialog med Tysnes kommune vedr. rutetilbodet, der ein ser på moglegheita for tilpassingar i høve innspel kommunen har kome med. Dette gjeld særleg omsyn til arbeidspendling mellom Tysnes og Stord kommunar, skriv direktør Målfrid Vik Sønstabø i Skyss.

- Annonse -