Formannskapet røysta samrøystes nei til å opne Borggata for trafikk. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Det ligg an til ei underdekning av neste års budsjett på fleire titals millionar kroner. Me spurte politikarane kva dei vil gjere med dette. 

Som Stord24 tidlegare har skrive, har den økonomiske situasjonen i Stord kommune utvikla seg i negativ retning. Rådmannen melde tidlegare i haust at han estimerte ei underdekning i neste års budsjett på heile 40 millionar kroner.

No er det mange som ventar spent på 26. oktober. Det er nemleg datoen då rådmannen skal legge fram innstillinga si til neste års budsjett.

I mellomtida bestemte me oss for å høyre korleis politikarane ser for seg løysinga på den utfordrande budsjettsituasjonen.

Me har difor sendt følgjande spørsmål til alle dei politiske partia på Stord:

- Annonse -

1. Kva tiltak vil ditt parti fremje for å møte den utfordrande budsjettsituasjonen?

- Annonse -
- Annonse -

2. For kva politisk område er det uaktuelt for ditt parti å gjennomføre kutt?

3. Kor mykje bør Stord kommune kunne bruke av eigedomsskatten for å kome i balanse i budsjettet?

Gaute Epland, Arbeidarpartiet:

  1. Me kjem til å fortsetja å ha fokus på eit målretta trepartssamarbeid for å redusera sjukefråvær og få mest mogleg effektiv drift i heile kommuneorganisasjonen. Elles vil eg venta til me har rådmannen sitt forslag på bordet, før eg seier noko meir spesifikt her.
  2. Me er villige til å sjå på moglege innsparingar på alle område for å komma i balanse. Samstundes vil det sitja langt inne å kutta i tenestene retta mot dei svakaste blant oss.
  3. Vårt utgangspunkt er at eigedomsskatten skal brukast til investeringar og nedbetaling av gjeld, og ikkje til ordinær drift. Me har opna for at inntil 11 prosent kan brukast til verdibevarande vedlikehald og frivillige lag og organisasjonar. Eg tenkjer at årets situasjon kan komma til å krevja at me diskuterer om me skal bruka av eigedomsskatten til å dekkja dei faktiske kostnadene ved dei store investeringane me gjer, som ungdomsskulen og sjukeheimen.

Sverre Olav Svarstad, Høgre:

  1.  For det første forventar Stord Høgre at rådmannen presenterer eit budsjettframlegg i balanse. Ikkje noko nytt at rådmannen signaliserer stor underbalanse på dette
    tidspunktet av budsjettarbeidet. Når Stord Høgre skriv budsjett i balanse, betyr det at eigedomsskatten er sett av på fond og ikkje brukt i drift.
  2. I den økonomiske situasjonen Stord Kommune opplever no (les budsjettrevisjon) er det i utgangspunktet ingen område som er unnateke vurderingar. Stord kommune må gjennom ei effektivisering som vil treffe alle tenesteområder.
  3. Stord Høgre står fast på at eigedomsskatten skal berre brukast til investeringsføremål. Med ei store investeringsprosjekt som nå ligg føre, er alt anna utforsvarleg bruk av eigedomsskatten.

Sigbjørn Framnes, Framstegspartiet:

  1. FrP med flere har påpekt at grep må gjøres så snart det blir kjent avvik. Det er ikke gjort av koalisjonen i inneværende budsjett. Skal vi klare å komme i balanse må grep tas internt av administrasjonen. Nå har driftsstyret prøvd å finne løsninger i lag med de tilsette, noe det ikke er blitt resultat av. Nå må vi som politikere kreve tiltak som gir innsparing. Slike innsparinger skal ikke gå på bekostning av tilbudet ut til innbyggerne. Samtidig må vi sikre at tjenester ut til innbyggerne er til rett pris og kvalitet.
  2. Det er ikke aktuelt for oss å bruke eiendomsskatt til drift. Det er heller ikke aktuelt for oss at dette bare går utover lavterskel tilbud i kommunen.
  3. Ingenting!

Torbjørn Brosvik, Kristeleg Folkeparti:

  1. Rådmannen ha skissert at det blir ein utfordrande budsjettprosess. Vi har enno ikkje fått rådmannen sitt framlegg til saldert budsjett. Difor blir det vanskeleg å kommentere enkeltsaker no. Det vi kan seie er at for KrF er det viktig å halde fram dei minste og svakaste stemmene i samfunnet vårt. Vi ønskjer å ha politikk for dei som verkeleg treng politikk. Difor var vi aktive for å halde fram med dei førebyggjande tenestene som rådmannen hadde på kuttlista i fjor. KrF vil gjere det vi kan for å oppretthalde desse også inn i denne budsjetthandsaminga. Samstundes skal vi vere eit ansvarleg styringsparti. Budsjettprosessen vil nok bli hard og alle parti vil bli utfordra på vanskelege kutt.
  2. Vi går ikkje inn i budsjettprosessen med ultimatum. Det er skissert at det må sparast inn store beløp, og då må vi som ansvarlege politikarar sjå på alle mulighetar. Samstundes har vi i vårt program at vi skal kjempe for dei minste og svakaste stemmene i samfunnet.
  3. KrF er i utgangspunktet negative til å bruke eigedomsskatt for å balansere driftsbudsjettet. Eigedomsskatten skal brukast til investering og nedbetaling av gjeld. Vi har likevel i vårt program opna for å kunne bruke delar av eigedomsskatten for å løfte levekåra der utfordringane er størst. Det er likevel viktig for oss at ein eventuell bruk av eigedomsskatt i særskilte situasjonar ikkje utset dei viktige planlagte investeringane i Nysæter skule og ny sjukeheim.

Jakob Bjelland, Senterpartiet:

  1. Budsjettprosessen er slik at rådmannen legg fram sitt budsjett før me politikarar eventuelt gjer endringar basert på hans budsjett, eigne prioriteringar og innspel frå innbyggjarane. Me har tenkt å følgja denne prosessen i år også, og avventar difor eventuelle eigne forslag til tiltak til rådmannen har lagt fram sitt budsjett.
  2. Før me får full oversikt over korleis situasjonen er, kan me ikkje skjerma noko. Men generelt vil me vera skeptiske til nedskjeringar som gjev kortsiktig økonomisk gevinst, men som på lengre sikt fører til auka kostnader. Døme på dette kan vera førebyggjande arbeid, rehabilitering, tidleg innsats i skulen, verdibevarande vedlikehald, etc Men så er dilemmaet at dette ofte er tenester som ikkje er lovpålagt.
  3. Me har vedteke at eigedomsskatten skal brukast til investeringar. Når det er sagt, så er det skilnad på måten kommunen fører reknskap og kva som er rein drift. Det kan difor hevdast at når me frå 2018 av skal betala avdrag på nye Stord ungdomsskule, så er det eit føremål som er innafor vedtaket kring bruk av eigedomsskatt sjølv om desse avdraga vil ligga i driftsbudsjettet. Det vert ein diskusjon me må ta i samband med budsjetthandsaminga.

Nils Magne Blålid, SV:

  1. SV vil diskutere forslag til innsparing /effektivisering i partiet og med koalisjonspartnarane. Konkret forslag må vente til desse samtalene er gjennomført.
  2. I utgangspunktet vil all forslag bli vurdert, og eg vil på noverande tidspunkt ikkje definere område der det er uaktuelt og føreslå innsparing/effektivisering.
  3. Samarbeidsavtala tilseier at budsjettet skal gjerast opp med eit overskot på ca 35 mill kr, 10 % av eigedomsskatten kan nyttast til verdibevarande vedlikehald og 1 % til frivillige lag og organisasjonar.

Margareth Ottesen Mjønes, Stordlisto

  1. For å møta den utfordrande budsjettsituasjonen må kommunen midlertidig stoppa alle nye låneopptak.
  2. Det er uaktuelt for oss å kutta til rehabilitering, helse og omsorg.
  3. Overhode ingen ting av eigedomsskatten bør brukast for å komma i balanse.

Geir Angeltveit, Venstre:

  1. Først må me få framlagt heile budsjettssituasjonen frå rådmannen, eit avvik på 40 millionar er stort, men må uansett sjåast i samanheng med andre utgifter og inntekter. Dessutan er det rådmannen si oppgåve i første runde å legga fram eit budsjett i balanse, så må me ta dei politiske vurderingane etter det. Så her har me ikkje nok biter i pusslespelet til å fremma konkrete tiltak enda.
  2. For Venstre er det naturleg å tenka at me skal skåna dei mest sårbare gruppene, dvs skule- og barnehageborn, og førebyggjande arbeid.
  3. Me har på tvers av partia sagt at me ikkje ønskjer å nytte eigedomsskatten til ordinær drift. Me har tidlegare stort sett ikkje budsjettert med den til ordinær drift heller, sjølv om ein har måtta dekka overforbruk i etterkant med eigedomsskatten (etter mitt skjønn ein vesensforskjell). Når det er sagt, så har me enda ikkje alle brikkene på plass for å gje eit konkret svar. Men det kan argumenterast med at denne særskilde situasjonen med barnehagane ikkje akkurat kan kallast «ordinær». Så me må finna ein måte å dekka det inn på som skånar born, ungdom og svake grupper samstundes som me ikkje endar opp med å forskyva på nausynte investeringar.