Teikning: NCE Maritime CleanTech
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Cruiseskip som går på hydrogen, sol og vind skal kunna segle stille og utsleppsfritt i norske fjordar om ikkje så langt inn i framtida.

Medlemsbedriftene til industriklynga NCE Maritime CleanTech på Heiane har i samarbeid med leiande cruiseselskap utvikla eit konsept for nullutslepps cruisefart. 

Klynga presenterte dei spenstige planane på bransjemessa SeaTrade Global som i desse dagar går føre seg i Miami i Florida.

– Løysingar som sikrar ei utsleppsfri cruisenæring vil bidra til at norsk næringsliv blir styrka, arbeidsplassar vert skapt og at me kan bidra til gode klimavenlege løysingar globalt, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland i ei pressemelding.

Sjå det futuristiske konseptet her:

- Annonse -
- Annonse -

Cruise er ein av dei raskast voksande turistformene internasjonalt. I Noreg har talet på cruiseturistar auka raskt dei siste åra, og nye framskrivingar spår 1 million cruisepassasjerar langs noregskysten i 2040.

- Annonse -

Samtidig gir stadig strengare reguleringar eit stor behov for ny, grøn teknologi.

– Dette konseptet viser at det vil vera mogleg å oppfylla vedtaket om nullutslepp i norske fjordar i 2026 ved å bruka utrangerte forsyningsfartøy som styrer skipa inn og ut fjorden på elektrisk kraft.

– Konseptet viser også korleis nullutslepp blir mogleg fram i tid ved bruk av nye drivstoff som hydrogen, sol og vind, seier Ronald Strøm, prosjektdeltakar og teknisk sjef i Edda Accommodation.

Konseptet har blitt utvikla i samarbeid med Eker Design, cruisegigantane Carnival Corporation og Royal Caribbean Cruises Ltd, teknologileverandørar i næringsklynga NCE Maritime CleanTech og ulike interesseorganisasjonar.

– Konsepta som er utvikla no vil fungera som ein plattform for vidare utvikling, og danna grunnlag for ei rekke nye innovasjonsprosjekt, seier Økland.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -