Blokkker og konsentrerte småhus - slik vil Fronta bygge ut Vestlio, like ved Prestegardsskogen. Illustrasjon: Fronta
- Annonse -

Fronta er klare til å bygge ut blokker og konsentrerte småhus i området Vestlio i Nordbygdo. Utbygginga vil gi heile 114 nye bueiningar i området.

Dei spenstige utbyggingsplanane til Fronta vil setje eit tydeleg urbant preg på området i Vestlivegen, like ved Prestegardsskogen i Nordbygdo.

I dei tidlegare planane var det regulert inn einebustadar i området, men Fronta skriv at dei har gått bort frå dette grunna manglande etterspurnad. No satsar dei på å byggje ei rekkje bustadblokker på inntil seks etasjar, som vil gi 80 husvære.

– Ein opplever at behovet for leilighetar i størrelse 70-90 m2 er stort. Det har ikkje vore stor etterspurnad etter einebustadar i området, skriv Fronta.

Lettstelte husvere

Dei viser til trendane i samfunnet, der stadig fleire bur aleine og ønskjer mindre og lettstelte bustadar.

– Etterspurnaden etter mindre husvere er stor frå ein aukande andel
einpersonshushaldningar. Fleire eldre søkjer seg lettstelte husvere nære møteplassar og
tenestetilbod. Barnefamiliar vil helst bu nære skule, barnehage og fritidsaktivitetar, skriv Fronta.

- Annonse -

Sjølv med mange utbyggingsprosjekt på Stord for tida, har Fronta tru på at det er marknad for bustadane.

– Stord er eit regionssenter for Sunnhordlandskommunane, og folketalet på øya aukar kvart år. I den gjeldande kommuneplanen er det lagt opp til 150 nye bueiningar pr. år i Stord kommune.

Feltet sett frå nordvest. Illustrasjon: Fronta

Klar til utbygging

Før Fronta kan gå i gang med storutbygginga må dei få godkjent den mindre reguleringsendringa frå kommunen.

Området er allereie regulert til bustadområde av kommunen. Då forvaltningsstyret handsama saka i 2013 vart det teikna inn sju tomter for einebustader, tomannsbustadar, samt blokker på inntil fem etasjar. Det vart også teikna inn eit gatetun og leikeplass. Endringa Fronta no har gjort er å fjerne gatetunet og tomtane for einebustadar frå planen.

Utbyggjaren har tidlegare meldt at dei ønskjer å setje spaden i jorda så snart som godkjenninga ligg klar.

– Ein ser for seg konsentrert busetnad, tilpassa terrenget på ein slik måte at dei ikkje dominerer landskapsbiletet sett frå aust. Bustadane vil verta liggjande attraktivt i vesthellinga, med fritt utsyn og gode soltilhøve. Planane for området er knytt til bustadar konsentrert i blokk og lavblokk, samt i rekke-tun.

- Annonse -