Høgskulen på Vestlandet, campus Stord. Foto: HVL
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Gratis utleige av elsyklar og elbilar, marknadsføring retta mot menn og fleire aktivitetar i sentrum, er blant tiltaka høgskulen føreslår for å gjere Stord meir attraktiv for studentar.

Som Stord24 har sett fokus på gjennom fleire artiklar dei siste månadane, så slit HVL med både søkjertal og trivselen blant studentane på campus Stord.

Det har ført til at høgskulen har teke initiativ til ei rekkje møte i campusrådet på Stord, der agendaen er korleis ein kan gjere Stord til ein meir attraktiv studieby. Her deltek både leiing og studentar på Rommetveit, samt ordførar Gaute Epland.

– Me må jobbe saman for å bygge Stord som attraktiv studieby, er konklusjonen til rådet.

Gratis utleige av elbil

Noko av det som gjer at studentane er misnøgde med å studere på Stord er kollektivtilbodet. Etter 16-tida på laurdagar går det nemleg ikkje fleire bussar frå Rommetveit.

– Det er behov for sosiale arenaer og aktivitetar i sentrum, og å få kommunisert ut lokale arrangement og moglegheit med symjehall m.m. som finst. Skysstilbodet er mangelfullt og gjer det vanskeleg for studentar på campus Stord å delta på arrangement i sentrum på kveld og i helg.

- Annonse -
- Annonse -

Campusrådet føreslår difor å få på plass forsøksordning med utleige av bysyklar/el-syklar, og ønskjer å sjå på moglegheit for ein billeigeordning, der studentane kan få leige seg ein elbil.

Få heiltidsstudentar

Rådet viser til at samansetninga av studentar på Stord er annleis enn dei andre HVL-campusane, ved at det er få heiltidsstudentar, og mange studentar som pendlar.

– På Stord er det ca 550 heiltidsstudentar under 30 år. Til samanlikning er det ca 3000 heiltidsstudentar i Sogndal. Ved Stord er det mange studentar som pendlar, og mange som studerer deltid kombinert med jobb.

- Annonse -

Rådet diskuterte også dei svake søkjartala til lærarutdanninga, og meiner den store utfordringa er å dra søkjarar som ikkje har lokal tilhøyre til Sunnhordland.

– Stord sin styrke, men også svakheit er at utdanningane på Stord rekrutterer stort sett lokalt. Saman har me ein jobb å gjera med å byggja positivt omdøme av det å vera lærar. Må ha fokus på kva det betyr for samfunnet å vera lærar og me må selja det spennande faglege innhaldet i lærarutdanninga og i læraryrket.

Vil ha fleire menn

Spesielt når det gjeld menn så er det upopulært å søkje seg til Stord.

– Utdanningane på Stord har eit stort potensiale med å rekruttera mannlege studentar. Kanskje kan marknadsføringstiltak rettast spesielt mot menn? spør rådet.

Sjølv om mange studentar trivst dårleg grunna den usentrale lokaliseringa av høgskulen på Rommetveit, meiner rådet det ikkje er ein god idé å bygge studentbustadar i sentrum.

– Studentbustadane er fylt opp, og det er godt samsvar mellom etterspurnad og tilbod. Utifrå undersøkinga er det ingenting som seier at ein må byggja fleire studentbustader i sentrum. Når det gjeld tilfredsheit med studiebyen er dei som bur på campus tilfreds. Dei som er tilreisande er ikkje er utilfreds, men nyttar seg heller ikkje av tilbodet.

- Annonse -