Sagvåg. Foto: Stord kommune
- Annonse -

Framstegspartiet vart det største partiet i Sagvåg med over 30 prosent av røystene, medan i Nordbygdo får Senterpartiet heile 15,3 prosent oppslutnad.

Årets kommunestyreval på Stord er delt opp i tre krinsar: Leirvik, Sagvåg og Nordbygdo/Huglo.

Resultata frå valet syner at det er stor forskjell på korleis stordabuen røystar i den ulike bydelane. Dette gjeld spesielt for Frp, som gjer sitt beste val på Stord nokon sinne. I Sagvåg får partiet heile 30,8 prosent oppslutnad. Men i Nordbygdo/Huglo får dei ikkje meir enn 13,1 prosent.

Den andre valvinnaren, Senterpartiet har også store svingingar. Best gjer dei det i Nordbygdo med 15,3 prosent oppslutnad, medan dei i Sagvåg får 10,6 prosent.

Høgre gjer det svært dårleg i ordførarkandidat Øyvind Kyvik sin heimstad Sagvåg, med berre 10,7 prosent oppslutnad. I Leirvik krins er talet 17,2 prosent.

Sjå oppslutnaden i dei tre krinsane her:

- Annonse -

Sagvåg:

Nordbygdo/Huglo:

Leirvik:

- Annonse -