Kommunesstyret røystar og vedtar budsjettet. Foto: Harald Johan Sandvik
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Arbeidarpartiet og Høgre hadde røysta for nedlegging av skulane. I tolvte time snudde dei og sørgja for å redde skulane.

I kommunestyremøtet før jul gjekk eit samrøystes kommunestyre inn for å redde Selevik og Øvrebygda skule.

Men gjennom heile hausten var både rådmann og politisk leiing i Fitjar svært tvilande til at det kunne bli utfallet.

I økonomiplanen som vart lagt fram i september såg rådmann Olaug Haugen i Fitjar for seg underskot på til saman 47 millionar kroner for fireårsperioden 2019 til 2022 (5, 10, 15 og 17 mill).

Til samanlikning var rådmannens tilsvarande tal for november justert ned til 4,5 millionar kroner til saman i overskot for heile fireårsperioden (0,8, 1,5, 1,1 og 1 mill kroner). Då hadde rådmannen lagt inn 33 ulike tiltak innan alle sektorar for å kome i balanse, m.a. nedlegging av Øvrebygda og Selevik skule frå 2020.

Pessimistiske tal

– Med septembertala i botn er det klart at bildet blir meir pessimistisk. Det veit me som har halde på med politikk ei stund, seier Harald Rydland, som har fartstid i politikken sidan 1992. Difor var han forundra over at Høgre og Arbeiderpartiet såg ut til å leggje for pessimistiske tal til grunn for sitt første vedtak i skulebruksplanen. Han har stilt spørsmål til H og Ap om dette i fleire politiske møte, utan å få svar.

- Annonse -
- Annonse -

Det første framlegget frå Høgre og Ap var difor å leggje ned begge barneskulane, medan Krf og resten av opposisjonspartia meinte, ut frå sine reknestykke, at skulane kunne reddast og at kommunen har ein rimeleg solid økonomi.

Høgre og Arbeidarpartiet har veksla gjennom hausten med fleire ulike budsjettforslag/forslag til skulebruksplan, og eitt utsetjingsforslag. Ordføraren har vore uroa, seinast 17. desember i eit intervju med NRK Hordaland, over at fitjarøkonomien er i krise med ein manko på om lag 15 millionar kroner i budsjettet.

- Annonse -

Budsjettet som opposisjonen rekna med at Høgre og Ap hadde med seg til kommunestyresalen, var det dei presenterte i formannskapet som innebar nedlegging av Øvrebygda skule og å etablere oppvekstsenter ved Selevik skule med ein kombinasjon av barnehage og 1-4 trinn i barneskulen. Resten av elevane skulle då overførast til Rimbareid barne- og ungdomsskule. Eit forslag som ikkje hadde vore ute på høyring.

Kuvending

I staden kom kuvendinga frå Høgre og Arbeidarpartiet i kommunestyresalen 19. desember, der dei kom opp med eit nytt framlegg – utan å ha varsla dei andre partia. Dette såg heilt annleis ut enn det dei presenterte i siste formannskapsmøte nokre dagar før. Dette budsjettframlegget likna på det Krf, Frp og Sp har flagga heile hausten, nemleg å ikkje leggje ned nokon av skulane.

Det vart først stemt over skulebruksplanen, der det var fleire representantar som måtte erstattast av habilitetsomsyn. Frå før hadde opposisjonen fleirtal her, ved hjep av to frå eit splitta Ap, men av habilitetsomsyn måtte fleire trekkje seg tilbake, og avrøystinga viste at den eine av Ap sine hadde skifta side og gjekk for H og Ap sitt framlegg i staden.

Då det deretter vart stemt for budsjettet under eitt, fekk så H og Ap fleirtal for sitt budsjettframlegg.

I det vedtekne budsjettet vil ein nytte oppsparte midlar frå disposisjonsfondet for å finansiere drifta av skulane, og spare resten inn ved å flytte sjuandeklassingane til Rimbareid barne- og ungdomsskule frå 2019.  Dette trass i at rådmannen i møtet frårådde sterkt å bruke oppsparte midlar på denne måten.

Opposisjonen har i heile haust hatt trua på at det var mogleg å berge skulane, og i Krf, Frp og Sps framlegg til budsjett var det lagt inn tidlegare innføring av auka eigedomsskatt, og inntekter frå havbruksnæringa for å kome i balanse.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -