"Selma er en mentalt ustabil person og en veldig dårlig mor". Slik var straffa til sonen Ivar då han nekta å gå i 17. mai-tog. Foto: Skjermbilete/Facebook/Pressebilete
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ivar (13) straffa Stord-forfattaren ved å redigere Wikipedia-artikkelen hennar, etter at han fekk beskjed om å gå i 17. mai-tog mot si eiga vilje.

– Han blei rasande fordi han var nødt å gå i 17. mai tog og laga mykje bråk. Det enda opp med at eg måtte kasta ut venene hans, og då eg kom tilbake sto PC’en oppe med Wikipedia-artikkelen min, fortel Selma Lønning Aarø.

I biografien hennar på Wikipedia kunne Stord-forfattaren då lese følgjande: «Selma er en mentalt ustabil person og en veldig dårlig mor».

Lønning Aarø kan dermed konstatere at dagens ungdomar rår over eit maktmiddel ho ikkje hadde tenkt på.

– Det var eigentleg ganske smart og rammande tenkt. Dette blir vel ungdomsrebellen anno 2019, og var ganske morosamt, smilar forfattaren.

– Kva enda diskosjonen med, må han gå i 17. mai-toget?

- Annonse -

– No bad han om våpenkvile før faren kjem heim frå jobb, så då får me sjå kva det blir. Men eg skal prøve å stå på mitt og vise at det ikkje er bra for 13-åringar å slenge rundt i byen.

13-åringen går siste året på ein barneskulen i Fredrikstad, der familien er busett. Lønning Aarø fortel at sonen ikkje heilt såg poenget i å gå i noko 17. mai-tog når ikkje det er noko konge å vinke til.

– Då sa eg at eg alltid gjekk i 17. mai-tog på Stord, og der var det aldri noko konge. Så det ligg nok an til at han må gå.

- Annonse -