Utkastet til hovudskulpturen i Stord ungdomsskule er laga av Fredrik Raddum.
- Annonse -

Kunstnarane Fredrik Raddum og May Bente Aronsen er valt ut til å smykke ut nye Stord ungdomsskule for minst halvanna millionar kroner.

Utsmykkingsfondet til Stord kommune vil bruke 1,5 millionar kroner på kunst i samband med bygginga av ny Stord ungdomsskule. Prosjektkomiteen har også søkt 750.000 kroner i støtte frå støtte frå KORO.

No er det klart at det er kunstnarane Fredrik Raddum og May Bente Aronsen som er valt til å lage kunstverka.

Solide kunstnarar

– Eg synest dette er veldig gode val. Dette er to veldig solide kunstnarar med veldig lang og god erfaring begge to. Og dei har lang erfaring med offentleg utsmykking, så her er me rimeleg trygge på at me har gjort eit spennande val, seier kulturkonsulent i Stord kommune, Guri Aksnes.

Sjå utkasta her:

- Annonse -
Fredrik Raddum er ein godt erfaren skulptør.

Fredrik Raddum er ein skulptør som jobbar tredimensjonalt, og som har stilt ut mange stadar i verda. Skulpturane hans er ofte fargerike og humoristiske, men kan også vere alvorlege og mørke.

Utkasta av dei to skulpturane han har laga for Stord ungdomsskule har han kalla Hit og dit – og dit.

– I utkastet mitt har eg valt å fokusere på hovudbrukarane av bygget, og kva som pregar deira livssituasjon. Eg har ønska å kommentere moglegheiter og uante utfall på ein humoristisk og positiv måte, skriv Raddum om utkastet sitt.

Ingen rett veg

Hovudskulpturen består av to armar med mange ledd som kryssar kvarandre og peikar i to forskjellige retningar. Skulpturen er meint å bli plassert ved hovudinngangen. Raddum har også teikna utkast til ein liknande skulptur med éin arm, er tenkt å bli plassert på eit golv inne på skulen.

– Eg har ønskt å vise med skulpturane at det ikkje nødvendigvis er ein enkel rett veg som ligg framføre. Livet tek mange krumspring og vegen er sjeldan lett å føreseie.

May Bente Aronsen driv med tekstilkunst. Foto: privat

Tekstilkunst

May Bente Aronsen er busett i Oslo, og arbeider med tekstilar. Ho har laga utkast til eit stort tekstil-kunstverk som skal gå over to etasjar i amfiet, og som består av 170 lamellar av laminert filt.

– Eg ønskjer å tilføre rommet eit tekstilt element av ein viss størrelse, som forandrar seg i uttrykk av frå kva side den som ser kunsten befinn seg, skriv Aronsen.

I utforminga av kunstverket har ho brukt sirkelen i mange ulike størrelsar som formelement. Komposisjonen viser fylte og opne sirklar som beveger seg rundt ei flate.

– Ved at sjåaren sjølv beveger seg, vil tekstilen endre seg i uttrykk. Kjem du inn frå hovudinngangen vil dei blå sirklane tre fram tydeleg. Når du passerer vil dette motivet sakte gå i oppløysing, og deretter vil dei raude punkta på det kvite tre fram.

Kunsten skal bli ferdigstilt i løpet av våren 2018.

- Annonse -