Foto: Leirvik sentrumforening
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Laurdag er det klart for den tradisjonsrike julegateopninga i Leirvik. Det blir mellom anna fakkeltorg for tredje året på rad.

I fjor var det ca. 2500 personar som møtte opp til julegateopninga og gjekk i fakkeltoget gjennom Leirvik.

Arrangørane satsar på at like mange møter opp til årets julegateopning.

Forventer mange

– Me forventar mellom 2000 og 3000 i år også. Det kjem sjølvsagt litt an på vêret. Men det ser ut som det blir opplett, seier Hans Martin Haavik i Amfi Stord.

Allereie klokka 12 startar dagen med opning av Pepperkakebyen øvst i Borggata. Klokka 15 blir det julekonsert med Leirvik Mannskor på Amfi Stord.

- Annonse -
- Annonse -

Deretter vil nissetoget gå frå Amfisenteret klokka 16.15 på veg til Rådhuset, fulgt av juletonar frå Sagvåg musikklag. Framme ved torget vil det bli konsert med Stord skulekorps.

Klokka 16.30 vil ordførar Gaute Epland tenne lyset i Teletårnet og opne julegata. Johanne Øvstebø Tvedten frå Sunnhordland museum vil så fortelje juleforteljingar og Frelsesarmeen vil tenne julegrana.

- Annonse -

Det vil også bli sal av graut utanfor butikkane Irgens og Genie, og det vil bli gratis ansiktsmaling og utdeling av godteposar på Amfi-senteret.

Samarbeid

Julegateopninga er eit samarbeid mellom Amfi Stord, Leirvik Sentrum, Stord kommune, Frelsesarmeen og Sunnhordland Museum.

– Det kjem absolutt til å bli bra julestemning. Det kjem til å bli eit veldig langt og fint tog. Dette er blitt ein veldig fin tradisjon, og kjekt at det er så stor oppslutnad blant fakkeltoget, seier Haavik.

Butikkane i Leirvik sentrum vil vere opne til klokka 17 denne dagen.

- Annonse -