Slik ville innseglinga til Sagvåg ha blitt med det nye biogassanlegget. Skisse: Sunnhordland Naturgass
- Annonse -

Sunnhordland Naturgass har lansert dei første skissene av biogassanlegget i Grunnavågen.

Mange er nok nysgjerrige på korleis det planlagde biogassanlegget i Grunnavågen vil bli sjåande ut.

No er den første skissa på plass, som viser korleis anlegget vil bli sjåande ut dersom ein kjem med båt på veg til Sagvåg.

Dei store hallane midt på biletet tilhøyrer Erko Settefisk. Til høgre er administrasjonsbygget til biogassanlegget teikna inn, til venstre bak ferja er hallen med reaktorane, og i bakkant kan me skimte tankane. Framme ved kaien vil det bli planta trer, og like bak trea vil det bli bygd ein såkalla «Cryo Pur»-hall, der CO2 skal bli gjort flytande.

Klikk på hovudbiletet i saka for stort format.

– Me har tenkt korleis me skal gjere dette minst mogleg til bry for dei som skal sjå over frå den andre sida. Det har vore veldig viktig at anlegget ikkje skal framstå dominerande og stygt. Me vil jo på prøve å ta omsyn i størst mogleg grad, seier Hege Aas Vad, driftskoordinator i Sunnhordland Naturgass AS.

- Annonse -

I vedtaket som vart gjort i kommunestyret kom det inn eit ekstra kulepunkt som gjekk på utforming:

I føreslegne anlegg i Grunnavågen/Kiskaien må utforming og plassering takast særlege estetiske omsyn. Dette inneber ei plassering så langt som mogleg i terrenget og ei utforming av bygningar og uteområde som i størst mogeleg grad fell naturleg inn i omgjevnadane. Særleg omsyn må takast til nærliggjande bustadar og utsjånad sett frå innseglinga til Sagvåg.

Aas Vad meiner dei oppfyller desse krava i skisse som no er laga.

– Me har prøvd å få gøymt bygga så godt som mogleg. Me vil mellom anna sprenge oss ned i terrenget for å få bygget som er teikna inn bak ferja mindre dominerande.

SNG vil sprenge i terrenget for å få kotehøgda til reaktorhallen lågare. Bak denne kan me skimte tankane. Skisse: Sunnhordland Naturgass