Til høgre er ei skisse over aktivitetsparken som gruppa har laga. Foto: Heidi Eikremsvik/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Kommunestyret vedtok torsdag å løyve pengar til den planlagde aktivitetsparken i Borggarden.

Sidan i vinter har ei gruppe frivillige jobba med forslag til ein aktivitetspark utanfor Leirvik rådhus.

Etter fem møter har dei kome fram til å gå for eit tilbod frå Sveio-baserte Lek og Park AS, som er firmaet som har kome med det rimelegaste alternativet.

Alternativet inneheld: Ein nedfeldt trampoline, balanseline, klatreinnstalasjon med eit om lag tre meter høgt tau, fem hoppesteinar med fjørfunksjon som lyser når ein hoppar på dei og eit kompakt trening/klatreanlegg som kan nyttast av både barn og vaksne.

Gruppa vil også etablere ein «Splitpod» sitteinstallasjon med pedalsett og høgtalarar som generer straum for bluetoothfunksjon til å spele musikk via telefon.

Forslaget blei vedteke i kommunestyret, med unntak av Høgre, Frp og to Krf-politikarar, som røysta i mot.

- Annonse -
- Annonse -

Aktivitetsparken vil bli finansiert ved å endre på investeringsbudsjettet for NMK-komiteen. Løyvingar til park/friluftsareal vil bl redusert med 350.000 kroner, løyvinga til forprosjekt ny rackethall blir redusert med 300.000 kroner og budsjett for ballpark/nærmiljøanlegg redusert med 250.000 kroner.

- Annonse -

Halvparten av midla skal bli refusert gjennom momskompensasjon-ordninga.

Vidare ønskjer gruppa at det blir jobba vidare med ein fase to av aktivitetsparken.

– Dette er tenkt finansiert med eksterne midlar. Ein vil då søkje sponsormidlar frå næringsliv, lag og organisasjonar og evt. privatpersonar og/eller søke midlar frå tilskotsordningar, skriv gruppa.

Som Stord24 skreiv for eit par veker sidan er det usemje internt i gruppa. To av gruppemedlemmene, Nina Øtensjø og Andreas Hauge, tok dissens då gruppa skulle røyste over framlegget. Felles for desse er at dei begge er medlem av Stord Høgre.

– Nina Østensjø sine argument mot saka er at ho synest det liknar for mykje på ein
leikeplass, og at ho stiller spørsmål om det er realistisk å hente finansiering eksternt til gjennomføring av del to, heiter det i referatet.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -