Elverksjef Håvard Singelstad i Fitjar Kraftlag informerte om framtida til kraftlaget. Foto: Fitjar kraftlag
- Annonse -

Elverksjef Håvard Singelstad i Fitjar Kraftlag og konsernsjef Olav Linga i Haugaland Kraft informerte om framtida til kraftlaget i kommunestyremøtet førre veke.

Av: Harald Johan Sandvik

– Dette har me jobba med i fire år, sa elverksjef Håvard Singelstad til politikarane.

Han sikta til at Haugaland Kraft skal overta heile linjenettet til Fitjar Kraftlag frå nyttår. Møtet i kommunestyret var eitt av mange informasjonsmøte før endeleg handsaming av saka i generalforsamling i Fitjar Kraftlag 22. november.

Bakgrunnen er ny energilov som mellom anna seier at det må vera selskapsmessig og strukturelt skilje mellom drift av linjenettet og all anna verksemd. Innan 1. januar 2021 må dette vera på plass.

Etter å ha vurdert fleire modellar, har styret i  Fitjar Kraftlag (FK) landa på eit samarbeid med Haugaland Kraft (HK), der HK overtar FK sine aksjar i Sunnhordland Kraftlag (SKL) og linjenettetverksemda til FK. I mot-yting får FK eigarskap i HK.

- Annonse -

Vil framleis ha fiber og straumproduksjon

FK vil driva effektivt vidare med fiber, produksjon og sal av straum, vidareutvikla FK og framleis vera ein viktig samfunnsbyggjar i Fitjar. Avtalen inneber at abonnentane i Fitjar frå 1. januar 2019 får dei same nett-tariffane som i HK. Det vil gi ei årleg innsparing på over kr. 5.100 for året for eit hushald som brukar 20.000 Kwt, rekna frå tariffane som gjeld i dag.

For leveringsområdet til FK vert dette ei årleg innsparing på 12-14. millionar kroner. Fitjar kommune vil åleine få ei innsparing på kr. 500.000, opplyste kraftlaget.

Alle tilsette i FK som går over til HK får garanti for at dei har arbeid i 15 år framover. Montørane og ingeniørane jobbar vidare som no, men får eit større ansvar regionalt, der dei etter trong også jobbar i andre område. FK har delt ut gåver til ålmennyttige føremål i kommunen. Det dreier seg om store summar over tid, og det skal halda fram, sa elverksjefen til slutt.

– Kundane får eit betre produkt

Konsernsjef Olav Linga i HK presenterte konsernet sitt, og fortalde om utviklinga frå HK vart stifta i 1998. Dei har 76.000 nettkundar og ei omsetning på 2 milliardar, og 42.000 fiberkundar, noko som gir 80 % marknadsandel i distriktet. HK har stor fokus på lærlingar, 34 av 393 tilsette er lærlingar.

Framover: Kundane får eit betre og rimelegare produkt. Nettleiga går ned. På Fitjar vert det også regionalt lager for trafoar og anna utstyr. Beredskapen vert betre. Lokale arbeidsplassar skal tryggjast og utviklast. Fitjar får ein eigardel på 3,8 % i HK. Fitjar får også ein nyoppretta DLE-avdeling, det lokale EL-tilsynet. Denne avdelinga skal dekka Sunnhordland.

Slik blir handelen

Transaksjonen som skal skje no, er slik: FK sel aksjeposten sin på 3,38% i SKL og linjenettverksemda si til HK, og får oppgjer i aksjar i HK. Verdien av nettet var ved inngangen til 2018 54 mill. I tillegg utgjer anlegg under utføring 6 mill, og 9 mill. i andre investeringar i 2018. «Nye» FK er etter transaksjonen skuldfri og vidarefører sin eigarskap, eigen produksjon, fiber/ Altibox og samfunns- og endringsutviklinga som dei er ein del av.

Linga og Singelstad svara på spørsmål frå politikarane. Bård Inge Sørfonn, KrF, kommenterte at det rører ved hjarta når det er endringar i Fitjar Kraftlag.

– Det er ein fantastisk flott leverandør og samfunnsbyggjar som har synt rask reaksjon når noko står på. Korleis kan HK følgja opp dette framover?

Olav Linga svara at HK no har ei oppetid på 99,99 prosent, og dei same krava frå NVE som alle andre. Dei har også konkrete prosjekt i Fitjar, mellom anna i Øyane.

Generalforsamlinga i Fitjar Kraftlag skal haldast 22. november.

- Annonse -