Helseminsiter Bent Høie (H). Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
- Annonse -

To meters avstand blir innført i staden for éin meter, og ein kan maks ha to gjester på besøk i Noreg, har regjeringa bestemt.

– Dei som du til no har halde minst éin meters avstand til, må du frå no av halde minst to meters avstand til, opplyste helseminister Bent Høie (H) på ein pressekonferanse tysdag kveld.

– Vi rår no til maks to gjester på besøk. Viss du kjem frå eit område med høgt smittenivå, bør du verken reise på overnattingsbesøk eller ha overnattingsbesøk, sa Høie om dei nye råda for påska.

Åleinebuande og barn og unge under 20 år kan ha overnattingsbesøk av éin til to faste venner.

Dei nye tiltaka tek til å gjelde natt til torsdag 25. mars, og regjeringa vil ta ei ny vurdering 12. april.

Skjenking

Det blir forbode med skjenking av alkohol over heile landet frå torsdag 25. mars, opplyste Høie.

- Annonse -

Ein del kommunar har allereie skjenkestopp, men no vil altså restriksjonen gjelde for heile landet.

Sidan 23. februar har dei nasjonale reglane vore skjenkestopp klokka 22.

Innreisekarantene

Personar som kjem frå det som blir rekna som ei unødvendig utanlandsreise, må no vere heile karantenetida på karantenehotell.

Tidlegare har personar på karantenehotell hatt høve til å teste seg ut av karantenehotellet på dag tre.

Det blir ikkje lenger mogleg for personar som kjem frå det som blir rekna som ei unødvendig utanlandsreise, seier Bent Høie (H).

Organisert idrett

Regjeringa innfører forbod mot all innandørs idretts- og fritidsaktivitet for vaksne over heile landet.

Desse reglane gjeld allereie i ei rekkje kommunar, mellom anna i heile Oslo-området. Reglane blir no gjort nasjonale.

Til liks med tidlegare får toppidrettsutøvarar unntak frå forbodet om organisert idretts- og fritidsaktivitet.