Slik var det tenkt at biogassfabrikken skulle sjå ut då Seglneset var aktuell lokasjon. Illustrasjon: Sunnhordland Naturgass
- Annonse -

Sunnhordland Naturgass har klart den første illustrasjonen for korleis biogassanlegget på Seglneset vil bli. I kveld vert det arrangert infomøte om satsinga for innbyggjarane.

Etter at Sunnhordland Naturgass presenterte planane om biogassfabrikken i Sagvåg har det vore til dels sterke protestar frå enkelte innbyggjarar i bydelen. Dei er uroa for alt frå lukt, støy og auka tungtrafikk i området.

Det har ført til at Sagvåg Forum i kveld vil arrangere til informasjonsmøte saman med leiinga i Sunnhordland Naturgass.

– Sagvåg Forum opplever at folk i Sagvåg er usikre på kva som skjer med biogassanlegget. Me meiner at innbyggjarane i Sagvåg må få meir informasjon enn det ein kan lese i avisa. Difor vil det bli informasjonsmøte på Solidhuset torsdag 1. mars kl. 19, skriv Sagvåg Forum.

Må lage reguleringsplan

Dagleg leiar i Sunnhordland Naturgass, Jan Kåre Pedersen, har uttalt at dei satsar at anlegget vil vere i drift allereie i løpet av 12 månadar.

Men einingsleiar for regulering, byggesak og oppmåling i Stord kommune, Anne Randi Naurstad opplyser at det må ein omfattande prosess med reguleringsendring til før planane kan godkjennast.

- Annonse -
- Annonse -

– Eigedomen er regulert til næring i kommuneplanen, men det er ikkje ein eigen reguleringsplan for eigedomen. Difor vil det vere krav om reguleringsplan for ei ny verksemd som dette, seier Naurstad.

- Annonse -

– Det vil vere krav om ein planprosess der ein skal gjere diverse utgreiingar for å sjå om dette vil la seg gjennomføre. Det er i høve risiko, sårbarheit og diverse analyser. Bygningslova krev dette før ein skal gjennomføre tiltak som vil ha vesentleg innverknad for miljøet.

Kan ta meir enn eit halvt år

– Kor lang tid vil dette ta?

– Det er ikkje godt å seie, men ein planprosess tek jo fort eit halvt år til eitt år. Dei må jo legge den fram til førstegongs handsaming, til offentleg ettersyn og så skal det gjerast vedtak i kommunestyret. Men eg reknar jo med at dei har gjort ein del utgreingar på førehand.

– Er det nokre spesielle krav til eit biogassanlegg i forhold til anna næringsverksemd?

– Biogassanlegg er jo ganske nytt, og eg har aldri vore borti det før. Det må me berre finne ut. No må dei ta kontakt med oss for å legge fram kva dei har tenkt å gjere, og så får me sjå kor omfattande det blir, seier Naurstad.