Sunnhordland tingrett.
- Annonse -

Ein 16 år gammal gut er dømt for innbrot mot YX-stasjonen i Sagvåg og vald mot politiet under avhøyret etterpå.

Det var på morgonkvisten i starten av april at tre tenåringsgutar i alderen 13 til 15 år knuste ei rute på YX-stasjonen i Sagvåg og stal 83 snusboksar frå butikken.

Denne veka møtte den eldste av gutane for Sunnhordland tingrett, som no er fylt 16 år.

Kort tid etter innbrotet rykka politiet ut og sikra videoopptak og blodspor inne i stasjonen. Etter at saka vart omtalt i lokamedia fekk politiet ein telefon frå ei kvinne som mistenkte at sonen og to kameratar hadde stått bak.

Heime hos dei to kameratane fann politiet til saman 83 snusboksar. Det var blodspor på boksane, med same DNA som blodspor frå eit snusskap på bensinstasjonen. Retten er difor ikkje i tvil om at snusboksane kom frå YX-stasjonen.

I retten forklarte 16-åringen at han knuste ei glasrute i stasjonen med ei jernstong, og at han var inne i butikken saman med dei to andre for å stele.

- Annonse -

Forsøkte å slå ein politibetjent

Same føremiddag som tjuveriet skjedde blei dei tre gutane frakta til lensmannskontoret på Stord. Her var det klart at 16-åringen blødde frå eit sår på handa som han hadde fått sydd på legevakta same dag.

Under avhøyret forsøkte guten å slå ein politibetjent i hovudet. Det blei då eit basketak mellom politiet og 16-åringen. Han blei då sett i handjern, og politiet måtte be om forsterkingar frå Haugesund.

Han blei så frakta til BUP i Haugesund. På vegen dit sparka han til ein politibetjent og uttalte at han skulle skyte politibetjenten og familien.

Skulda politiet for brutal oppførsel

Faren til 16-åringen forklarte i retten at han var til stades under basketaka. Han sa i retten at behandlinga han fekk frå politiet var brutal, og at dei knakk armane hans bakover slik at han måtte gripe inn og be dei roe seg.

Mora til ein av kameratane forklarte også at ho syntes politiet sin oppførsel var brutal.

Men retten meiner maktbruken til politiet kan forsvarast.

– Det er ikkje sannsynleggjort at politiet brukte unødvendig makt, sjølv om foreldra reagerte. Tiltalte var rusa og aggressiv, og det var naudsynt å bruka makt av omsyn til han sjølv og av omsyn til politiet, skriv Sunnhordland tingrett.

Slepp fengsel

Retten meiner tjuveriet på YX-stasjonen og valden mot politiet er dei mest alvorlege forholda, og normalt burde straffast med fengsel utan vilkår.

– Den direkte valden mot politiet var ikkje svært alvorleg, men kombinert med drapstrugsmål og forulemping, var likevel forholdet alvorleg.

Ved straffutmålinga har Sunnhordland tingrett lagt vekk på at 16-åringen har vedgått alle forholda. Retten meiner vidare at det skal mykje til å døme han til fengselsstraff på grunn av hans unge alder.

Straffa blir dermed sett til fengsel i 60 dagar med ei prøvetid på to år. Det betyr at han slepp å sone dersom han held seg vekke frå kriminelle handlingar dei neste to åra.

- Annonse -