Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia (CC-lisens)
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Mannen i 20-åra som forsikra seg for over 20 millionar kroner månadar før han krasja inn i eit tre, slepp å gå i fengsel.

Stord24 følgde i førre veke rettssaka mot mannen som er busett i ein kommune i Sunnhordland.

Han var sommaren 2016 involvert i ei trafikkulukke der han køyrde inn i eit tre. I tida etterpå forklarte han både i avhøyrt med politiet og i skademeldingane til forsikringsselskapa at årsaka til ulukka var ein hjort i vegbanen.

Skademeldingane for dei fem ulike forsikringane han hadde teikna kort tid i forvegen kunne maksimalt gitt han ei utbetaling på 10 millionar kroner

Under rettssaka erkjende sunnhordlendingen at han hadde fortalt løgnar til forsikringsselskapa, men erkjende ikkje straffskuld. Han forklarte at han sendte inn skademeldingane for å skjule overfor familien at han eigentleg forsøkte å ta sitt eige liv. Denne forklaringa har ikkje retten noko tru på.

– Tiltalte framstår etter rettens vurdering ikkje truverdig i sin forklaring rundt innsending av skademeldingane. Det er bevist ut over ein kvar tvil at han handla med forsett om å få utbetalt ein forsikringssum til seg eller andre, skriv Sunnhordland tingrett.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Politiadvokt Gunnveig Breistein la ned påstand om at mannen måtte få sleppe å sone fengselsstraff, men bli dømt til ei fengselsstraff på vilkår. Dette på bakgrunn av hans psykiske helsetilstand. Forsvarar Håkon Velde Nordstrøm la ned påstand om full frifinning.

Sunnhordland tingrett har bestemt å gi ein dom i samsvar med aktor sin påstand, og dømmar mannen til 120 dagar fengsel. Ei straff han slepp å sone dersom han held seg unna straffbare forhold dei neste to åra.

– Retten har lagt vekt på at tiltalte har ein omfattande historikk med store psykiske problem, og at han ar inne i ei særleg krevjande tid då han gjorde seg skuldig i dei straffbare forholda, heiter det i dommen.

Retten har gitt mannen fire månadars strafferabatt på grunnlag av at saka har hatt ei liggetid på heile 18 månadar, noko som er eit brot på dei europeiske menneskerettane.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -